Finn éin feil!
Observant lesar og sjåfør på veg nordover E39 stussa rimelegvis då bilen nærma seg nye Førlandskrysset. Det er det sett opp tilvisingsskilt for den som skal køyra av europavegen og namna på både Rommetveit og Lundsseter er korrekte.
Rett er det derimot ikkje å visa til HSH-Høgskulen (Høgskulen Stord/Haugesund) sidan studiestaden på Rommetveit for lengst er blitt ein del av HVL – Høgskulen på Vestlandet.
– Eit kvikt skiltbyte her, så er alt som det skal vera, tipsar sjåføren «vår».
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.