Klare for overnatting neste år
– Me har overteke Klatrehytta og Tårnet på Stovegolvet, og planlegg oppgradering av Klatrehytta til overnattingsstad i 2020, melder Bergen og Hordaland Turlag i skriv til Stord kommune.
Hytta midt på det flate Stovegolvet har namnet sitt etter i ei årrekkje å ha vore i eiga av den lokale klatre- og tindeklubben. Det var i samband med oppsett av FM-sendar og TV-omformar på tampen av 1950-talet det vart bygt «tårn» og hytte på Stovegolvet (som med sine 703 meter er tredje høgaste punktet på øya).
Bergen og Hordaland Turlag planlegg ryddedugnad i og kring hytta no i haust og reknar med at det vil bli avfall nok til eit lite titals helikopterturar mellom Stovegolvet og Heio. Derifrå skal avfallet transporterast på hjul til gjenvinningsstasjon. Det blir søkt løyve til bruk av helikopter i september og november.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.