Skal vera god matfisk
Med garnet opp frå straumrike Laukhammarsundet, følgde ein fisk Kjetil Aasheim aldri før hadde vore borti. Likna på ein botnfisk, men med ei noko anna utforming og med ein mørk flekk på kvar side av kroppen.
Søk på nettet stadfesta snøgt at det er akkurat flekkene som er det sikre teiknet på St. Petersfisken. Sør i Middelhavet og i den varme delen av Atlanterhavet, der han vanlegvis ferdast er han rekna som god matfisk.
Er helst sjeldan vare i norske farvatn.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.