Skjor og kråke, eller?
– Plusset er jo at fuglar eller andre krefter har tatt jobben med å fjerna mosen, det negative er at det ser såpass rart ut at eg byrjar lura på om berre har skjedd i vår hage.
Over heile plenen til Per Folgerø på Ådland har laga mellom huset og vegen inn i bustadområdet ligg det lause mosedottar. Nokre av dei i imponerande storleik sett i høve til dette kan vera resultat av nebbarbeid frå skjor og kråke. Høgst truleg i ivrig jakt på makk eller anna føde.
– Det blir nokre bøtter mose å leggja i kompostbingen, seier Folgerø, undrande på om andre hageeigarar har opplevd det same.
Eller om det finst ei anna fornuftig forklaring på «moseriet» enn fuglebesøk? Fint om den/dei som veit kan senda nokre ord til redaksjonen@sunnhordland.no
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.