annonse

Veks så altfor godt

Treng frisering
Treng frisering: Buskaset har forsynt seg godt av fortausbreidda. (Foto: Steinar Hystad)
Trapp
Trapp: Slik ser det ut i trappa bak Essostasjonen i Sæ, opp mot det gamle SKL-bygget. (Foto: Privat)

  • Steinar Hystad

Buskar og hekkar og ormagras og klunger ser ut til å ha hatt ein alle tiders vekstsesong. Som ein følgje av fri vekst, mottek Stordnytt stadig småbøner om å senda ut påminningar om «operasjon buskmann».

Somme stader har det minka vel mykje på fortausbreidda etter at grøne vekstar med og utan stikkande nåler har «ete» seg utover. Særs trasig å gå trafikksikkert på slike stader, blir det på våte haustdagar når ein må pressa seg inn mot buskaset.

«Klippe, klippe, klippe, klippe», song Per Asplin i Ønskekonserten, og det gjorde han rett i.

Les også: Brei eføy i smauet

Trapp
Trapp: Slik ser det ut i trappa bak Essostasjonen i Sæ, opp mot det gamle SKL-bygget. Foto: Privat
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Dette er ei beta-side for Sunnhordland og Stordnytt si satsing på superlokale nyheiter. I denne feeden vil me visa fram kva som skjer i krikar og krokar i Stord og Fitjar. Me set pris på innspel til korleis du meiner sida bør fungera og sjå ut.

Send oss gjerne bilete eller tips om dei små tinga som skjer rundt i nærområdet ditt.