annonse

Vil utvida bandtvangen til 1. oktober

Bandtvang
Bandtvang: Rådmannen meiner tida er mogen for å utvida bandtvangen i heile Stord kommune. (Foto: Steinar Hystad / arkiv)

  • Steinar Hystad

Når komite for næring, miljø og kultur samlast til første møtet etter ferien, er utvida bandtvang for hund i heile Stord kommune ei av sakene som skal drøftast.

Sist spørsmålet var til politisk behandling sa fleirtalet nei. No meiner rådmannen tida er mogen for endring og rår til å lengja bandtvangperioden frå nogjeldande 21. august, til 1. oktober. Dette er i tråd med ønskje frå Stord Fjellsameige, som nyttar 30.000 dekar i vår lokale fjellheim til sommarbeite for rundt 2.000 sauer.

Både sameiga og rådmannen ser positivt på at turtrafikken til fjells har auka på siste åra. Det er plass til både folk og fe i høgdene, men då må det taksast omsyn og eit viktig element i så måte er at laust-springande hundar ikkje skal stressa sauene.

Stord Fjellsameige har informert om at politisk ja til utvida bandtvang, vil vera eit godt «forhandlingskort» når det gjeld å bruka meir fjellareal til tilkomstveg og parkering.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut

Dette er ei beta-side for Sunnhordland og Stordnytt si satsing på superlokale nyheiter. I denne feeden vil me visa fram kva som skjer i krikar og krokar i Stord og Fitjar. Me set pris på innspel til korleis du meiner sida bør fungera og sjå ut.

Send oss gjerne bilete eller tips om dei små tinga som skjer rundt i nærområdet ditt.