annonse

Premiere på ny videosatsing

FEIT BIL:
FEIT BIL: Ståle Eskeland og Ole Bergesen tek seg ein tur i dette gliset – ein Opel Commodore A Coupe frå 1969 – i den første episoden i videoserien. (Foto: ARIEL FILM)

I Sunnhordland sin nye videoserie møter Ståle Eskeland lokale kjenningar for å snakka om gamle bilar – og alt anna. Først ut er revykonge og fitjarbu Ole Bergesen.

Marius Knutsen

I samarbeid med Ariel Film og Ståle Eskeland kan Sunnhordland i dag stolt visa fram den nye videoserien «På tur i bilar med sjel». Programleiar Ståle Eskeland er glad for å endeleg få visa fram det dei har jobba med.

SJÅ VIDEO: På tur i bilar med sjel: Ole Bergesen #1

– Eg har hatt ideen til ein liknande serie lenge. Eg trengde ein grunn til å køyra på tur i kule bilar og snakka med kule folk, seier Eskeland.

I den første episoden, av totalt seks, møter me revykonge og fitjarbu Ole Bergesen.

– Det har i grunnen vore lett å vera programleiar. Når folka er interessante og bilane tøffe, gjer mykje seg sjølv. Og me har fått mange kjekke personar med oss. Me har også fått låna gromme bilar, held Eskeland fram.

Bergesen fortel mellom anna om sin første bil i premieren på «På tur i bilar med sjel».

– Eg hadde ein raud Opel Kadett. Den kjøpte eg for vrakpanten, og så fekk eg jo vrakpanten tilbake då giren hang seg opp etter ei stund, seier Bergesen.

Saman med Eskeland legg dei også ut på ein køyretur i ein stroken Opel Commodore A Coupe. 

– Då den bilen kom ut var det verkeleg ein ungdomsbil å vera stolt av. Bilen me har fått låna er ifrå året Bryan Adams er så glad i – 1969, seier Eskeland.

SJÅ OGSÅ: Eskeland gjest i «Garasjen»

Eskeland har samarbeida med Ariel Film og Kai Roger Melkevik om å laga videoserien.

– Eg har laga ein del dokumentarar dei siste åra, så då Ståle ringde meg med denne ideen så tenkte eg – kvifor ikkje? Dette har utvikla seg til eit konsept der me leikar oss litt og har det gøy. Ståle har vore veldig kjekk å jobba saman med. Han kjem med gode idear til innhald i kvar episode og har imponerande mykje kunnskap om bil og bilhistorie, seier Melkevik.

I løpet av køyreturen med Bergesen svingar duoen også innom Sandvikvåg – staden der Bergesen sitt kjende revynummer «Ferjedirigenten» blei fødd.

HUGSAR DU DENNE? «Garasjen»-gutta møter Harald Johan Sandvik

Også ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland, Magne Kydland, er nøgd med å kunne presentera den nye serien.

– Me har dei to siste åra hatt nett-tv-seriar på forsommaren, først «Garasjen», og i fjor «Voff». Desse har vist seg å vera svært populære, med mange sjåarar – langt fleire enn det som er vanleg på slike nett-tv-seriar. Me har også vunne og vore nominerte til gjæve medieprisar for desse seriane, noko som har gjeve oss meirsmak. I år har me gjort ein vri, ved å samarbeida med Ståle Eskeland og Ariel film. Me håpar at også årets serie vil falla i smak hjå våre brukarar, seier Kydland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut