Sunnhordland

annonsørinnhald

Byggjer ny innkjøpsorganisasjon

Byggjer ny innkjøpsorganisasjon

No treng Bremnes Seashore fleire dyktige folk til den nye satsinga.

Dei leverer laks til den franske presidenten, og dei har 80 prosent av marknadsdelen når det gjeld høgkvalitets lakseloin (Salmalaks) i Norge. I mai henta SALMA heim tre gullstjerner i Superior Taste Awards 2018, ei utmerking som betyr like mykje for Bremnes Seashore som ei tre-stjernes utmerking i Michelin-guiden.

Ny satsing

– Bremnes Seashore er heile tida oppteken av høg kvalitet og utvikling. Dei siste åra har me difor investert rundt 300 millionar i konsernet kvart år, seier viseadministrerande direktør Bjarte Salomonsen i Bremnes Seashore.

No for tida jobbar selskapet med å få på plass ein heilt ny innkjøpsorganisasjon.

– Høg kvalitet er viktig i alt me gjer, og når me gjer noko, så gjer me det skikkeleg, seier Salomonsen.

Den nye satsinga vil føra til tre nye arbeidsplassar ved hovudkontoret på Bømlo.

– Me ser etter kunnskapsrike og truverdige folk, som ønskjer å utvikla både seg sjølv og den nye innkjøpsorganisasjonen, seier Salomonsen.

Ein god arbeidsplass

Bremnes Seashore har oppdrettsanlegg i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland, fordelt på 23 lokalitetar i ti ulike kommunar. Hovudkontoret ligg i Øklandsvågen i Bømlo kommune, og ein av dei som jobbar der er HR-sjef Anne Marie Meling. Ho skryt av arbeidsplassen sin.

– Først og fremst er det veldig mange flinke og kjekke folk her, seier Anne Marie Meling.

Bedrifta har gode velferdsordningar, med både faglege og sosiale samlingar, satsing på kompetanseheving, kantine og fleire hytter og leilegheiter til dispensasjon for dei tilsette.

– Det er givande å jobbe i ei bedrift der det heile tida skjer spennande nybrotsarbeid. Ei lokal bedrift med globalt omfang, og der eigarane verkeleg ønskjer å satse for å utvikle både bedrifta og næringa.

Kvart år arrangerer bedrifta «friskustur» for dei tilsette. I år går turen til Preikestolen, til neste år er det Galdhøpiggen som står på planen.

– Eg opplever at dette er ein arbeidsplass der ein i stor grad står fritt til å sette dagsordenen og påverke resultata på ein positiv måte. Det er noko eg finn motiverande, seier Meling. 

Er du interessert i jobb? Sjekk ut nettsida til Bremnes Seashore.

Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.