Sunnhordland

annonsørinnhald

Det enkle valet

Det enkle valet

Då ekteparet Knut Birger Paulsen og Vivi Christine Danmo skulle ha nye bilar, var valet enkelt. No køyrer dei kvar sin privatleasa bil frå Heiane Bil.

Det er lite som slår kjensla av ny bil. Lukta av interiøret. Hestekreftene under panseret. Nye, teknologiske finessar. For snart fem år sidan trong Knut Birger Paulsen frå Stord ny bil. Han forhøyrde seg litt rundt i venekrinsen. Mange av dei privatleasa bil og var svært nøgde med ordninga. Det vart til at han undersøkte nærare, og valet fall på ein splitter ny Suzuki SX4 S-Cross frå Heiane Bil.
- Med privatleasing er forutsigbarheten stor. Skal du ha ny bil i dag, må du anten ta opp lån eller ha mykje pengar på bok, poengterer han.
Då leasingperioden på tre år gjekk ut, var han ikkje i tvil. Det vart privatleasing att.

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - BRUKSOMRÅDE: Vivi Christine Danmo driv Stord Tannteknikk og nyttar bilen i jobbsamanheng.

BRUKSOMRÅDE:: Vivi Christine Danmo driv Stord Tannteknikk og nyttar bilen i jobbsamanheng.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - KØYREKOMFORT: Opel Crossland X er romsleg, har god køyrekomfort og er svært driftssikker.

KØYREKOMFORT:: Opel Crossland X er romsleg, har god køyrekomfort og er svært driftssikker.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland


 

Annenhåndsverdi

Denne gongen fall valet til Knut Birger på ein Opel Crossland X. Bilen er romsleg, med upåklageleg køyrekomfort. Har plass til alt dei treng. Automatgir. Akkurat det går han ikkje tilbake på. Opelen er kvit, stilig. Bensindriven.
- Om du eig bilen din, veit du ikkje kva du får for han og korleis marknaden er når du skal selja han att. Då er det greitt med privatleasing. Du får meir kontroll. Eg veit at bilen er verdt så og så mykje når eg byter han inn. Det er veldig sutalaust, understrekar han. 
 

Her kan du lesa meir om kva bilmerker Heiane Bil fører


Byte inn den gamle i splitter ny

Logistikken i heimen tilseier at dei treng kvar sin bil. Vivi driv Stord Tannteknikk og nyttar bilen i jobbsamanheng. Nokre turar til Bergen, køyring rundt på Stord. Knut Birger arbeider i Fronta, har kontor på Heiane. Dei har to vaksne døtrer som har flytta ut. Dei nyttar ikkje bilane særskilt mykje – men i fjor sumar var dei komne til eit vegskilje. Vivi sin gamle bil trong reparasjon. Det kosta fleirfaldige tusen kroner. Ekteparet vekta fram og tilbake. Skulle dei legga mykje pengar i å reparera den gamle bilen, eller skulle dei sjekka moglegheitene for innbyte? Det enda med at Vivi byte inn den gamle bilen sin hos Heiane Bil, og brukte summen til innskot på privatleasing. Ho fekk såleis byta den gamle bilen inn i ein splitter ny Suzuki Swift.

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - NY BIL:  Vivi Christine Danmo røper at ho har sett på den raude Suzukien tidlegare. - Eg har kommentert at den bilen kledde du godt, skyt ektemannen inn.

NY BIL: : Vivi Christine Danmo røper at ho har sett på den raude Suzukien tidlegare. - Eg har kommentert at den bilen kledde du godt, skyt ektemannen inn.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland


- Det er veldig greitt å ha ein heilt ny og driftssikker bil som har toppklasse på sikkerheit.
Knut Birger sin leasingperiode går ut om eit par år. Har gjort seg nokre tankar. Han trur el-bilar er langt vanlegare då, så valet fell nok på ein slik. Men når leasingsperiodane er over, er ikkje ekteparet i tvil. Det vert leasing att. For begge to.  

Ta kontakt med Heiane Bil for ein hyggeleg prat om privatleasing

Kva bør ein velja?

Kjetil Skulstad, dagleg leiar for Heiane Bil, fortel at mange synest bilkjøp er utfordrande. Som oftast er det snakk om ei stor investering, og det einaste du kan vera sikker på, er at du ikkje får kjøpesummen tilbake ved eit sal. Om du tenkjer langsiktig – kor er du i livet om tre år? Fem år? Kva er behova dine, har dei endra seg? Og kva skjer med annenhåndsverdien på bensin- eller dieselbilar i framtida? Det er mange ting å ta stilling til, og dei siste åra har talet på privatleasa bilar auka hos Heiane Bil.
- Dei fleste vel privatleasing fordi det er føreseieleg og trygt. Du veit kva du får, og har oversikt over kva bilhaldet kostar deg i leasingperioden. Det er trygge kostnadar og du får ein ny og driftssikker bil, seier Skulstad.

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - AUKE: Kjetil Skulstad, dagleg leiar hos Heiane Bil, fortel at talet på privatleasa bilar har auka dei siste åra. Han poengterer at alle bilar hos Heiane Bil kan privatleasast.

AUKE:: Kjetil Skulstad, dagleg leiar hos Heiane Bil, fortel at talet på privatleasa bilar har auka dei siste åra. Han poengterer at alle bilar hos Heiane Bil kan privatleasast.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Bruktbilrisiko og trygg tilbakelevering

Mange ser på leasing som ein leigepakke, der alt er inkludert til ein fast månadleg pris. Om du held servicane og vedlikeheld bilen godt, vil du utan større kostnadar kunne byta ut bilen med ein ny etter 3-4 år. Du slepp å bekymra deg for kva han er verdt og Heiane Bil tek all bruktbilrisiko for deg. Likevel veit dei fleste kor lett det er å få ei stripe i lakken eller ein bulk. Kanskje var det nokre greiner som stakk for langt ut langs den smale vegen? Eller den hekken, i den tronge oppkøyrsla? Kanskje såg du akkurat ikkje betongsøyla då du rygga ut frå parkeringa? Det er fort gjort. Heiane Bil tilbyr difor Trygg tilbakelevering, der småskadar og bulkar er baka inn i forsikringa di. 

Hos Heiane Bil kan du privatleasa alle nye bilar. Skulstad ynskjer velkomen innom for ein hyggeleg prat om bil – dei har løysinga som passar for deg.
 

- Me er fleksible og tilbyr gode avtalar, understrekar den røynde bilseljaren.

Heiane logo

Sjå www.heianebil.no for meir info. 

Heiane Bil 
Rundehaugen 9
5402 Stord

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.