Sunnhordland

annonsørinnhald

Får hjelp til tilrettelegging

Får hjelp til tilrettelegging

Helsesituasjonen til Ashley Carter gjer at han somme gonger må bruka rullestol. No får han og familien eksperthjelp for å finna ut kva dei bør gjera for å tilpassa heimen.

– Me kjøpte huset vårt for fem år sidan. På ein måte er det draumehuset, med både sjøutsikt, tett på skogen og kort avstand til sentrum. På ei annan side fungerer huset dårleg i praksis, seier Margrethe Hystad Carter frå Stord.

Ho møttest mannen sin, Ashley Carter, medan dei begge studerte i Wales. I dag bur paret i Gullbergvegen på Stord, saman med sonen Paul Vincent (1,5 år).

– Me kjøpte huset berre tre dagar etter at me gifta oss. Det blei meir komplisert enn me først trudde, seier Carter.

Mykje trapper

Huset er bygd på (70-talet?), og går over tre plan. I hovudetasjen har dei kjøken og stove, medan dusjen er i kjellaren. Soverom og bad er i andre etasje.

– Eg har ein bindevevssjukdom (Ehlers-Danlos’ syndrom) som gjer at eg somme gonger får såpass store smerter at eg må bruka rullestol. Då me kjøpte huset var smertene mindre, og eg klarte meg utan rollestolen. Dessverre har dette forverra seg, seier Ashley Carter.

Det å gå i mange trapper blir tungt for han, og han skulle gjerne hatt betre plass på kjøkenet på dei dagane han sit i rullestolen.

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Interiørdesignar Tove Helen Skjetne Ness kan hjelpa deg med tips til korleis du kan leggja til rette heimen din, slik at du kan du der lengst mogeleg.

Interiørdesignar: Tove Helen Skjetne Ness kan hjelpa deg med tips til korleis du kan leggja til rette heimen din, slik at du kan du der lengst mogeleg.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Kommunalt prosjekt

Hausten 2017 starta Stord kommune opp prosjektet Godt å bu heime. Dette for å informera og gje råd til innbyggjarar, unge og eldre, om at det er lurt å tenkja at heimen skal vera funksjonell gjennom heile livet.

– Innbyggjarane i Stord kommune har sjølv ansvar for å ha ein bustad dei kan bu i uansett kva som skjer. Å leggja til rette for universell utforming er naudsynt for nokon, og godt for dei fleste, seier prosjektleiar Astrid Larsen i Stord kommune.

I prosjektet fokuserer dei på at du skal kunna bu i huset dersom du har brekt beinet eller om du får ein halvsidig lamming. Du skal også kunna bu i huset om du får tvillingar eller besøk av bestemor i rullestol. Det er i tillegg lagt vekt på at redningsutstyr skal vera lett tilgjengeleg, og at det skal vera enkelt å redda seg ut dersom det brenn.

Får hjelp

I starten av prosjektet søkte Stord kommune etter familiar på Stord som treng hjelp til tilrettelegging. Dei søkte også etter firma som ville bidra i arbeidet. Tove Helen Skjetne Ness i Noa Design er ein av samarbeidspartnarane til kommunen. Ho er no inne og hjelper Margrethe Hystad Carter og Ashley Carter, som er plukka ut til å vera med i prosjektet.

– Huset deira ligg på ei nydeleg tomt med gode solforhold, men det fungerer dårleg i praksis. Det er eit vrient å få alle funksjonelle rom i dette huset på eitt plan, men me skal no sjå på ulike løysingar, seier Ness.

Ho legg vekt på at funksjonalitet på ingen måte treng å gå på kostnad av det estetiske.

– Brukar du skyvedører kan du til dømes leggja samanhengande golv mellom romma, seier Ness.

Både ho og Larsen rår folk til å tenkja funksjonalitet, både ved nybygg og rehabilitering av nye hus.

– I desse tider er det mange hus på denne øya som skal seljast, med tanke på at mange eldre flyttar over i nye leilegheiter, seier Ness.

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.