Sunnhordland

annonsørinnhald

Godt humør gir rekordsal

Godt humør gir rekordsal

Meklarane på Stord meiner det er det gode humøret som gjer at dei sel flest bustadar av alle i Eiendomsmegler Vest. 2018 vert eit rekordår.

Latteren sit laust i Eiendomsmegler Vest sine nye lokale i Borggata i Leirvik sentrum. Den gjer visst alltid det, i følgje dei fire kollegaene hos Sunnhordland sin leiande eigedomsmeklar. 

- Me har det veldig gøy saman og ler mykje. Sjølv om det er mykje å gjera har me ein god og lett stemning som får oss til å gjera ein ekstra god jobb, seier meklar Gudny Eldøy Kydland. 

Saman med kollegaene har ho stått for over 250 sal av bustadar i 2018. Dermed er Stord-avdelinga den som sel flest einingar per meklar i heile Eiendomsmegler Vest-konsernet. Dei har også flest oppdrag i forhold til årsverk. Med tre konkurrerande meklarføretak på Stord er Eiendomsmegler Vest likevel det største meklarføretaket i Sunnhordland, med sal på Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes. Det er ikkje rart at det er travelt. 

- Me opplever at kundane får oss anbefalt og bruker oss igjen. Det gode samarbeidet med Sparebanken Vest er også ein fordel for dei som skal kjøpa eller selja bustad, seier dagleg leiar og meklar Ola Nesse.

TEAMBYGGING Dei fire meklarane jobbar tett saman og samlast kvar morgon til fagmøte for å mellom anna sørgja for korrekt prissetjing på nye bustadar.

TEAMBYGGING: Dei fire meklarane jobbar tett saman og samlast kvar morgon til fagmøte for å mellom anna sørgja for korrekt prissetjing på nye bustadar.

Frå fotballproff til supermeklar

Meklar Ørjan Stokka kjem akkurat frå to synfaringar, av ein einebustad og ein leilegheit på Stord. Stokka kom til øya då han vart kjøpt opp som fotballproff i 1998, henta inn frå Vindafjord til toppen av 2. divisjon. Då kneet rauk tok han utdanning som eigedomsmeklar og har jobba med sal av bustadar sidan 2003.

- Me er eit sterkt meklarteam som har utvikla eit spesielt godt arbeidsmiljø. Me har jobba saman over lang tid og alle har lang erfaring som eigedomsmeklarar, seier Stokka. – I tillegg er me alltid i godt humør, humrar han.

Ola Nesse stadfester at arbeidsmiljøet er spesielt.

- Det gode miljøet har mykje å seia. Det påverkar sjølvsagt både arbeidskvardagen og at me kan levera ekstra godt til kundane, seier han.

Meklarbransjen kan vera prega av intern salskonkurranse, men Stord-meklarane unner kvarandre suksess.

- Me har alltid hatt ein sunn og god kultur og backar kvarandre opp, seier Eldøy Kydland.

Nesse starta denne dagen med å leia eit fagleg morgonmøte der meklarane gjekk gjennom prissetjing på nye salsobjekt.

- Me er nøye på å setja rett pris på bustadane som vert lagt ut for sal.

Nesse fekk akkurat inn eit bod på ein leilegheit på Bømlo. Det var litt under prisantydning, men meklaren forventar ei auke etter dette første bodet.
 

Gode tider i regionen

Marknaden i Sunnhordland svingar i takt med den lokale industrien. Går det bra med dei store hjørnesteinsbedriftene som Kværner, Wärtsilä og Søral, går det også bra i bustadmarknaden.

- No er framtidsutsiktene gode og me ser lyst på det, seier Nesse.

Det tek generelt lengre tid før bustadar vert selt her i regionen enn i byar som Bergen. Sal etter fyrste visning er ikkje vanleg, men det skjer. Dette året vart var meklarane spente fordi det vart lagt ut mange nybygde leilegheiter til sals på Leirvik.

- Me var usikre på om marknaden ville ta i mot alle einebustadane som vart ledige etter dei som kjøpte leilegheit. Men det har gått over all forventning, seier Eldøy Kydland.

Det er nyetablerte og unge som flyttar heim igjen til regionen etter utdanning som gir ein optimisme også etter med tanke på 2019.

- Det er mykje meir aktivitet i regionen både sosialt og i næringslivet enn tidlegare, seier Eldøy Kydland.

Kaffi og eplekake

Ho kom nyleg frå eit kontraktsmøte på eldreheimen på Fitjar.

- Det var to eldre damer, kjøpar og seljar. Dei serverte kaffi og eplekake og det var veldig koseleg.

Etterpå køyrde meklaren den eine dama til legen på Leirvik. Og fekk ein god klem som takk.

I vinter fekk meklarane selskap av finansrådgjevaren Wibeke Våmartveit på kontoret. Ho jobbar som saksbehandlar.

- Jobben min er å skaffa naudsynt dokumentasjon og hiva meg rundt for meklarane. Eg stortrivst sjølv om det er veldig travelt heile tida, seier Våmartveit. 
 

Quizlunsj

 Uansett kva som skjer prøver alle å prioritera felleslunsjen klokka tolv. Medan dei venter på ny kantine, finn dei fram matpakkene og et saman med dei tilsette i banken. Meklar Stokka er fast quizmaster og går systematisk gjennom spørsmåla i Bergens Tidende, Sunnhordland og Bømlo-nytt.

- Me har quiz i kvar lunsj. Det er veldig hyggelig! Det er mange kloke hovud her, seier Stokka.

Til latter frå kollegaene som påstår at han er quizmaster fordi han ikkje er så god til å svara på sjølve spørsmåla. Diskusjonen og latteren fortset høglydt og engasjert om kva som er den enkelte sitt favoritt-tema – forutan om eigedomsmekling sjølvsagt.