Sunnhordland

annonsørinnhald

Hageland stakk av med sigeren

Hageland stakk av med sigeren

Sunnhordland sine lesarar har kåra dei beste julebutikkane på Stord. Ikkje uventa var det Hageland som stakk av med sigeren.

I desember har marknadsavdelinga i Sunnhordland hatt ein konkurranse, der lesarane kunne vera med å stemma på det dei meiner er den beste julebutikken på Stord. No er vinnarane kåra – og ikkje overraskande var det Hageland på Heiane som stakk av med sigeren. Etterfølgt av Elie Verkstad og SunnBok på høvesvis andre og tredje plass. Grunnane som har kome inn er mange og gode – og det er tydeleg at innbyggjarane støtter opp om lokale butikkar.

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Juleby Hageland har ei stor juleutstilling som begeistrar mange. Her er eit lite utsnitt av den omfangsrike julebyen.

Juleby: Hageland har ei stor juleutstilling som begeistrar mange. Her er eit lite utsnitt av den omfangsrike julebyen.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

- Utruleg kjekt!

Geir Mikkelson smiler frå øyre til øyre då marknadsavdelinga er innom med ei lita merksemd.

- Responsen me har fått frå folk på juleutstillinga vår har vore utruleg bra. Folk er rause og flinke til å uttrykkja seg og gi oss tilbakemeldingar.

Tidlegare har han, med glimt i auga, uttala at Hageland har som mål å vera den likaste julebutikken på øya. No ser det ut til at målet er nådd –folk er rause i tilbakemeldingane, og grunnane er mange og gode til kvifor Hageland er den beste julebutikken.

- Jula er liksom vår greie. Me har jobba hardt med juleutstillinga vår, og då er det ekstra kjekt, smiler han.

«Nydeleg juleutstilling som verkeleg er verdt eit besøk no i adventstida. Ikkje berre er butikken fin å sjå på no i jula, men den har eit rikt utval av julevarer- og pynt, som ein ikkje finn maken til på Stord.» - Siv Beate Paulsen

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - REGI Det er Ann Kristin Ørpetveit som har hatt regien på juleutstillinga til Hageland. Ho fortel at førebuingane byrjar allereie i februar.

REGI: Det er Ann Kristin Ørpetveit som har hatt regien på juleutstillinga til Hageland. Ho fortel at førebuingane byrjar allereie i februar.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

Attraksjon

Omtrent dagleg i førjulstida har Mikkelson og dei tilsette på Hageland hatt besøk av barnehagar som er innom for å beundra det vakre vintereventyret som er laga til i butikken. Askepott og alle dyra hennar møter ein ved inngangen – deretter fortset magien. Blenkjande lys, juletrær, nissar, reinsdyr, juleby og til og med julenissens slede. Hageland har lagt til rette for dei barnehagane som kanskje vil ta med seg nista si og eta lunsj i eventyrland – og har laga til små stubbar som ungane kan sitja på. Også mange småbarnsfamiliar tek turen for å sjå på utstillinga.

- Det har jo ryktast – og det er veldig triveleg.

Julekonkurranse Monica Haga Almås (t.v.) frå marknadsavdelinga i Sunnhordland overrekkjer ei lita merksemd til vinnarane av konkurransen.

Julekonkurranse: Monica Haga Almås (t.v.) frå marknadsavdelinga i Sunnhordland overrekkjer ei lita merksemd til vinnarane av konkurransen.

Førebur i februar

Med seg på laget har Mikkelson Ann Kristin Ørpetveit, som har regien på heile juleutstillinga. Ho fortel at førebuingane byrjar allereie i februar. Då reiser eit par hundre frå Hageland-butikkane reiser ned på innkjøpsmesse i Holland. Messa er delt opp i ulike showroom.

Sjølve klargjeringa i butikken på Heiane tek til 1. oktober. Då lagar dei til og førebur i fem veker, før den offisielle opninga av julebutikken i byrjinga av november.

- Det går med nokre timar, smiler Ørpetveit.

Men kva skal de gjera til neste år, for å toppa dette?

- Me må prøva å fornya oss litt. Me kan ikkje ha den same utstillinga.

Dei ser hemmelegheitsfulle på kvarandre.

- Det blir nok større, i alle fall.