Sunnhordland

annonsørinnhald

Litt herifrå og derifrå

Litt herifrå og derifrå

Jan Magne Meling er både kokk og bonde. På smaksfestivalen Herifrå serverer han mat med lokalproduserte råvarer til festivalpublikummarane.

– I fjor serverte eg burgar av frilandsgris. I år er det stor sjanse for at det blir pulled pork, seier Jan Magne Meling frå Bømlo.

Han har tidlegare jobba rundt 20 år i kokkeyrket, både i restaurantar og på storkjøken. For tre år sidan tok han over heimgarden på Meling, og no for tida kombinerer han bondeyrket med kokkeyrket.

– Eg har både villsau, frilandsgris og høner som produserer egg. Målet er å starta opp gardsbutikk, seier Meling.

Se dette bildet i full størrelse
Hilde Kråkenes Engelsen - Til kai M/S Sunnhordland blir ein del av festivalområdet under Herifrå.

Til kai: M/S Sunnhordland blir ein del av festivalområdet under Herifrå.Foto: Hilde Kråkenes Engelsen

Se dette bildet i full størrelse
Hilde Kråkenes Engelsen - Litt av kvart Det blir både kjøt- og bakarvarer på festivalen.

Litt av kvart: Det blir både kjøt- og bakarvarer på festivalen.Foto: Hilde Kråkenes Engelsen

For at kjøtet skal bli best mogeleg på smak, er fôret til dyra viktig.

– Det blir minst mogeleg kraftfôr. Sauene får stort sett berre gras og mjølk, medan grisene får mask frå bryggjeriet på Bømlo og utgått frukt frå Rema 1000.

– Kva skal du servera på årets festival?

– Det blir truleg pulled pork, seier Meling.

Gjentek suksessen

I oktober i fjor blei smaksfestivalen Herifrå arrangert for første gang på Stord. Arrangementet, som er eit samarbeid mellom Matfatet, Venelaget for M/S Sunnhordland og lokalbryggjeriet En Liten Øl, drog fleire tusen publikummarar til Leirvik sentrum. Målet var å fremja lokal mat og drikke.

– Arrangementet blei ein såpass stor suksess, at me køyrer på det same konseptet vidare, seier Knut Vika, som saman med Hilde Kråkenes Engelsen representerer Venelaget for M/S Sunnhordland.

Det var litt tilfeldig at samarbeidet oppstod mellom dei tre aktørane. Medan ELØ hadde tenkt å skipa i stand ølfestival om bord i Sunnhordland, hadde Matfatet tenkt og arrangera ein lokal matfestival i fjor haust.

Se dette bildet i full størrelse
HILDE KRÅKENES ENGELSEN - Delikat Smaksprøvane blir fint danderte under festivalen.

Delikat: Smaksprøvane blir fint danderte under festivalen.Foto: HILDE KRÅKENES ENGELSEN

Se dette bildet i full størrelse
Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Havets delikatesser I fjor kunne du smaka krabbe. Også i år blir det smaksprøvar frå havet.

Havets delikatesser: I fjor kunne du smaka krabbe. Også i år blir det smaksprøvar frå havet.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland

– Me fann ut at me like godt kunne slå oss saman, og det blei ein vinn-vinn-situasjon for alle, seier Gro Jensen Gjerde.

Ho representerer Matfatet, som er i regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

– Målet til Matfatet er å visa folk i regionen kor langt me har komme på lokalprodusert mat. Koplar ein dei gode råvarene saman med gode kokkar blir resultatet svært bra, seier Gjerde, som er dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Ho seier at regionen så langt er godt representert med tanke på kven som har meldt seg på.

– Me håpar på godt oppmøte, både frå Stord og frå nabokommunane, seier Gjerde.

Variert meny

Festivalen blir arrangert 5.–6. oktober, og går føre seg på kaien i Leirvik sentrum og om bord på M/S Sunnhordland. Arrangørane lovar både salte og søte smaksprøvar, frå hav og land.

– Medan matsmakinga går føre seg i teltet, blir det ølsmaking om bord i M/S Sunnhordland. I fjor var me seks bryggjeri som var representerte. I år blir me sju, seier Åsmund Olsen Solhaug i ELØ.

Nytt i år er at dei har laga eigne glas til ølsmakinga.

– På glasa vil me ha festivallogoen til Herifrå. Målet er å ha dei same glasa frå år til år, men med logo i ulike fargar. Slik kan dette bli eit samleobjekt, seier Solhaug.

Før arrangementet kan gå av stabelen, er det mykje som må ordnast.

– Dugnadsgjengen i Venelaget gjorde ein fantastisk jobb i fjor, og heldigvis er dei med i år også, seier Solhaug.

* Denne artikkelen er produsert av marknadsavdeling i Sunnhordland.

Marknadsavdelinga i Sunnhordland - Arrangørane Her er nokre av eldsjelene bak festivalen. Åsmund Olsen Solhaug (f.v.), Gro Jensen Gjerde, Knut Vika og Hilde Kråkenes Engelsen.

Arrangørane: Her er nokre av eldsjelene bak festivalen. Åsmund Olsen Solhaug (f.v.), Gro Jensen Gjerde, Knut Vika og Hilde Kråkenes Engelsen.Foto: Marknadsavdelinga i Sunnhordland