Sunnhordland

annonsørinnhald

Nye steg for BDO på Stord

Nye steg for BDO på Stord

I nye og lyse lokale i Bytunet kan no nye og gamle kundar treffa revisorane på Stord-kontoret til BDO.

I juni flytta dei frå Borggata og inn i Bytunet, klare til å ta ny sats i regionen. Dei tilsette er dei same, men rundt dei har det vore endringar. I 2012 gjekk kontoret frå Inter Revisjon over i BDO og i løpet av dei to siste åra har det kome inn nye partnarar på leiarsida. Dei har base i Bergen og Stavanger, men har ein kontordag i veka på Stord-kontoret. I alt er det fem tilsette og tre partnerar knytte til kontoret. I tillegg disponerer selskapet eit kontor på Bømlo.

Asbjørn Wathne er kontorleiar på Stord og ein av partnarane. Til dagleg har han base i Stavanger. Å dela tida mellom Stord og Stavanger ser han på som ein styrke for kontoret.

- I Bergen og Stavanger har me spesialressursar kundane her kan nyta godt av. Me har til dømes juridiske ressursar som jobbar med spesifikke område innfor revisjon og rådgivarar av alle typar.

Sjølv om det er nye leiarar på kontoret, understrekar Wathne at dei tilsette er dei same som kundane allereie kjenner.

- Me meiner kundane er best tente med folk som kjenner det lokale næringslivet.

Plasseringa mellom Bergen og Stavanger gir tilgang til eit næringsliv med mange potensielle kundar. Hovudtyngda av kundane til BDO er eigardrivne selskap; selskap der eigarane er med i drifta.

Ikkje berre revisjon

Wathne framhevar at Noreg har ein sterk posisjon i BDO-organisasjonen. I tillegg er hovudtyngda av selskapet basert i Europa, og dermed er vegen kort til dei ressursane heile organisasjonen disponerer.

I tillegg til revisjonstenester, fortel Wathne at dei disponerer ein vid katalog av kurs og foredrag, alt etter kva kundane måtte ønska. Selskapet har også lansert eigne sikre, digitale tenester for utveksling og signering av dokument.

Selskapet er godt representert i heile Noreg, og har sidan 2008  gått frå 600 tilsette til 1500, fordelt på over 70 kontor. Selskapet har 42 500 kundar i Noreg og er leiande innfor små og mellomstore bedrifter. Internasjonalt er BDO representert i 162 land og har om lag 74 000 tilsette.

Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga.