Sunnhordland

annonsørinnhald

Ønskjer å bidra til grøn omstilling

Ønskjer å bidra til grøn omstilling

Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass meiner Stord er den rette plassen for å bidra til å nå nasjonale og lokale klimamål.

- Norge har eit mål om å satsa på klimavennlege tiltak. På Stord ligg alt til rette for å utvikla grøn teknologi, så kvifor skal me ikkje gjera det her? seier dagleg leiar Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass.

Avgjerande møte

Førstkommande torsdag skal politikarane i Stord kommune avgjera framtida for det nye biogassanlegget som Sunnhordland Naturgass har planar om å byggja ut i Grunnavågen. Sjølv om planane har møtt motstand frå somme av innbyggjarane på Stord, håpar Pedersen at dei folkevalde gjev klarsignal for at Sunnhordland Naturgass får kjøpa den tiltenkte tomta i Grunnavågen.

- Sidan prosessen starta, har me fått 39 millionar kroner i tilskot frå Enova. Me har også klart å skaffa nok eigenkapital til å gå i gang med prosjektet som har ei kostnadsramme på 85 millionar kroner. Desse aktørane hadde aldri blitt med på prosjektet om det ikkje var for at dette er eit seriøst og gjennomarbeida prosjekt, seier dagleg leiar.

Flytta planane

I utgangspunktet ville selskapet byggja ut anlegget på Seglneset, men lokal motstand førte til at selskapet no satsar på Grunnavågen i staden.

­- For vår del gjer flyttinga at prosjektet blir 25 millionar kroner dyrare. Dette gjer me for å imøtekomma innbyggjarane, seier Pedersen.

Han seier det har vore utfordrande å nå fram med sakleg informasjon om prosjektet.

- Uansett kva me seier blir informasjonen vridd på i negativ forstand. Me opplever at ei positiv sak der det er planar om å leggja til rette for lokal verdiskaping, blir snudd til noko negativt. Frykta for lukt er ein gjengangar, seier Pedersen.

Han minnar om at ein av landets fremste ekspertar på biogassproduksjon, forskar Roald Aasen ved Norsk institutt for bioøkonomi på Ås, nyleg uttalte i media at når det er snakk om eit lukka biogassanlegg, som det er planar om i Grunnavågen, så vil det ikkje vera noko lukt frå sjølve prosessen. Han har ikkje tru på at det blir konstant lukt frå eit slikt anlegg.

Nasjonal og lokal satsing

Pedersen nyttar også høvet til å minna om at det å satsa på biogass er i tråd med både den nasjonale og den lokale satsinga på klimapolitikk. I Klimaforliket, som er basert på forlik som er vedteke på Stortinget i 2008 og 2012, heiter det mellom anna at Norge skal ta ansvar for å  redusera klimagassutslepp. Det er også eit langsiktig mål om å omstilla Norge til eit lågutsleppssamfunn.

- Eit av tiltaka for å nå desse mål er å bidra til utvikling av biogass i Norge, seier Pedersen.

Også lokalt er målet om å satsa på biogass godt forankra. I Stord kommune sin klima- og energiplan frå 2008 heiter det mellom anna at det skal satsast på bruk av naturgass, med framtidig innfasing av biogass.

- Det unike med å produsera biogass på Stord, er at me har rik tilgang på fiskeslam. Og dersom ein blandar kugjødsel med fiskeslam, vil ein få mykje større nytteverdi av biogassen, seier Pedersen.

Lokal verdiskaping

Han seier at selskapet no har invitert alle bønder i regionen til informasjonsmøte, med mål om å få på plass leveringsavtalar. Selskapet er også i dialog med lokale oppdrettsanlegg og transportfirma.

Redusering av utslepp

Ifølgje Energigass Norge (EGN) består energigassane biogass og naturgass i hovudsak av metan (CH4), og kan brukast om kvarandre. Metan er ein gass som er 28 gonger kraftigare klimagass enn CO2. Når organisk materiale blir brote ned utan tilgong på oksygen, blir det danna store mengder metan som lekker ut i atmosfæren.

-  For å unngå at organisk materiale rotnar i naturen, er det fornuftig å bruka dette som råstoff til biogassproduksjon. Med dette reduserer ein metanutslepp frå avfallet, samstundes som ein erstattar fossilt brennstoff i transportsektoren, seier Pedersen.

Han legg til at dersom ein nyttar husdyrgjødsel til biogass, reduserer ein også landbruket sitt utslepp av metan frå gjødselkjellarar.

Planen er at me låner gjødsel i ca. 15 dagar, og leverer biogjødsel tilbake til bonden. Biogjødsel er reststoff frå biogassproduksjonen og kan erstatta kunstgjødsel, seier Pedersen.

*Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.