Sunnhordland

annonsørinnhald

Perfekt syn med nattlinser

Perfekt syn med nattlinser

- Høyres det freistande ut å sjå klart, utan briller og kontaktlinser kvar dag? Med innovative nattlinser kan du få ynskje ditt oppfylt, seier optikar Arnhild Myklebust ved Brilleriet.

- Nattlinsa er ei formstabil linse med heilt spesielle eigenskapar. Medan du søv omformar linsa hornhinna di, held ho fram. Linsa kviler på tårefilmen og er difor svært skånsam for auget. Når du står opp om morgonen tek du av deg linsene, og ser klart heile dagen utan å måtta bruka briller eller kontaktlinser. Allereie etter fyrste natta vil du oppleva ei merkbar endring, og etter 3-12 dagar vil du som regel oppnå godt syn dagen lang, seier optikaren. Omforminga av hornhinna varer i ca 16 timar, deretter går den tilbake til si normale form. Jo lågare styrke, desto lengre effekt.

Bremsar nærsynthet

Optikar Arnhild Myklebust meinar at nattlinser kan vera eit nyttig hjelpemiddel for å bremsa utviklinga av nærsyntheit hos barn og unge. Særleg barn med sterkt nærsynte foreldre er i faresona for å utvikla nærsyntheit, og synsfeilen går ofte raskt nedover i skulealder. Fleire studiar viser at nattlinser reduserer denne utviklinga og kan hindre at barna får augesjukdom som fylgje av høggradig nærsyntheit seinare i livet.

Vert berre tilpassa av spesialistar

- Før ein kan starta med nattlinser må ein kvalifisert optikar vurdera om augo er eigna. Linsa vert skreddersydd til dine auge utifrå nøysame målingar, forklarar Arnhild. - Før bruk ser me til at linsa passar perfekt og kviler skånsamt på auget. I byrjinga tar me hyppige kontrollar for å sjekke at den ynskja effekten vert skapt, deretter kvar 3. - 6. månad. Optikaren fortel at dei har fleire kundar som nyttar nattlinser ved Brilleriet og at resultata stort sett er veldig vellukka. - For yngre aktive gutar og jenter kan det vera praktisk å sleppa briller på dagtid, seier Arnhild, som sjølv har tenkt å prøva nattlinser.

Nattlinsene kan korrigera nærsyntheit opptil -5,50 og skeive hornhinner opptil -2,50.
 

Lurer du på om du kan bruka nattlinser?

Ta kontakt med Brilleriet eller bestill time på www.brilleriet.com 
 

Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga.