Sunnhordland

annonsørinnhald

Slik får du eit smartare hus

Slik får du eit smartare hus

Med små grep kan du enkelt styra både kaffimaskinen, lydanlegg, lys, varme, innbrotsalarm, elbillading og brannalarm frå telefonen din.

– Før forbatt du gjerne smarthus med dyre, luksuriøse løysingar. No finn ein langt rimelegare og brukarvennlege løysingar på marknaden. Me har mellom anna inngått eit samarbeid med Futurehome, eit norsk selskap i vekst, seier Jonas Vikanes.

Han jobbar som gruppeleiar for elektro i Teknisk Bureau, som held til på Heiane. Selskapet som tidlegare heitte ApplyTB, tilbyr tenester i faga røyr, ventilasjon, telekom, automasjon, energirådgjeving, maritim elektro og elektro.

Skreddarsydde løysingar

Eit av produkta dei leverer er smarthus, som handlar om å få teknologiske løysingar i huset til å snakka saman. På denne måten får du full oversikt og kontroll, uansett om du sit i sofakroken heime eller ligg på ei solseng i Spania. 

Se dette bildet i full størrelse
Futurehome (Illustrasjon) - Teknologi Smarthus handlar om å få teknologiske løysingar i huset til å snakka saman. På denne måten får du full oversikt og kontroll, uansett om du sit i sofakroken heime eller ligg på ei solseng i Spania.

Teknologi: Smarthus handlar om å få teknologiske løysingar i huset til å snakka saman. På denne måten får du full oversikt og kontroll, uansett om du sit i sofakroken heime eller ligg på ei solseng i Spania.Foto: Futurehome (Illustrasjon)

– Dette går ut på at me monterer ein heimesentral og koplar han til internett. Deretter monterer me dimmarar, termostatar, branndetektorar, sensorar og liknande som gjer at du får høve til å kopla saman den elektriske installasjonen til mobilen din. Her er det enorme mogelegheiter, og det er berre dine eigne behov og fantasi som set avgrensingar, seier Vikanes.

Han fortel at du mellom anna kan setja opp systemet slik at når nokon låser døra til bustaden din, skal alt lys, varme, kaffitraktar og garasjeport væra slått av eller justert ned. Spesielt interesserte kan også laga eit eige oppsett for fotballkampar i stova, der du dimmar ned lysa og trekkjer føre persiennene ved å berre trykkja på ein knapp på telefonen.

Enklare enn før

Vikanes seier at smarthus i dag er enkelt å ta i bruk, anten du skal rehabilitera eit hus eller byggja nytt. 

– Sidan komponentane som blir installerte kommuniserer trådlaust, treng ein ikkje leggja eller trekkja om nye kablar. Sensorar for bevegelse, lekkasje, brann og innbrot kan gå på batteri om ein ikkje Ønskjer å leggja opp fast tilkopling, seier Vikanes.

På den måten vil sjølve installasjonen bli gjort på timar og ikkje dagar, lovar gruppeleiaren.

– Det finst mange ulike leverandørar av smarthus. Futurehome er kjend for å levera både rimelege og brukarvennlege løysingar, og difor har me inngått samarbeid med dei. Fleire av produkta deira kan du faktisk enkelt installera i heimen din sjølv, så du treng ikkje elektrikar på besøk kvar gong du ønskjer ei endring.

Futurehome (illustrasjon)  - Smarthus Smarthus frå Futurehome gjev deg oversikt og tryggleik, fordi du får full oversikt uansett kvar i verda du er. Sjølv om ulukker kan skje, vil du enkelt kunna forhindra eller avgrensa mange av dei med eit smarthus.

Smarthus: Smarthus frå Futurehome gjev deg oversikt og tryggleik, fordi du får full oversikt uansett kvar i verda du er. Sjølv om ulukker kan skje, vil du enkelt kunna forhindra eller avgrensa mange av dei med eit smarthus.Foto: Futurehome (illustrasjon)

Stønad frå Enova

Dersom du gjer energitiltak i heimen din, har du høve til å få refundert delar av beløpet frå Enova. Dette gjeld mellom anna varmestyringssystem kan bli ein del av smarthus-løysinga.

– Dersom du installerer varmestyringssystem kan du få inntil 4.000 kroner i støtte, fortel Jonas Vikanes.

Eit varmestyringssystem gir deg betre kontroll over energibruken din.

– Du kan til dømes tidsstyra varmen i huset ut frå når på døgnet du er heime og ikkje. Når du får kontroll på energibruken, sparer du også energi og pengar, seier Vikanes.

*Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.