Sunnhordland

annonsørinnhald

Slik får du flotte planter

Slik får du flotte planter

Dei toler sjølvsagt vårt klima, vêr, vind og årstider. Alle krukkene er handlaga. Impruneta-merket i terracottaen er kvalitetsbeviset.

Toscana er ikkje berre kjent for vin og olivenoljer - men også for terracotta. Impruneta er eit namn du kan merke deg. Byen i Chianti har ikkie berre flotte råvarer over bakken. Jorda som oliventrea og vinstokkane veks i gøymer på førsteklasses leire, som gjev ein helt unik terracotta.

I løpet av dei tørraste månadene i året vert leira gravd opp for hand. Deretter tørka i sola  og sidan malt til fint sandstøv. I store sekker vert dette framkta til dei lokale produksjonslokala. Første gongen Geir Mikkelson på Hageland Stord var på innkjøpstur i Toscana forelska han seg i desse krukkene.

– Dei kostar litt meir enn terracotta frå Asia, men kvaliteten kan heller ikkie samanliknast, sier han.

På hus og kyrkjer i Toscana ligg hundrevis av år gammal terracotta-takstein og like gamle golvfliser. Krukker har levd på tun, rundt palass og i private hagar i generasjonar.

Dette er krukker som varer - og som lever. Dei endrar utsjånad med vêr og vind. Kalk og mineral i leira oppfører seg ulikt fra årstid til årstid. Når pottene plutseleg får ein gråkvit finish er det akkurat sånn det skal vera.

Hageland Stord besøkte ein av produsentane då dei var på innkjøpstur i Toscana i januar. Her fekk dei sjå heile prosessen. Det er berre to ingrediensar i krukkene; finmalt leire og vatn. Etter at alt er knadd godt saman vert det køyrt gjennom ein maskin som klemmer ut alle luftboblene. I andre enden kjem leirestykka ut som rektangulære klossar. Bortsett frå at dei er grå, ser dei nesten ut som ferdigkjøpt pepperkakedeig. Krukkene som vert laga hos Archeo kjem faktisk i to fargar, den tradisjonelle og i grått. For eit par år sidan var dei grå terracottakrukkene det rikfolket langs Middelhavet ønskte seg til ferievillaene sine, men no er det dei rødbrune som igjen er toppseljaren.

Se dette bildet i full størrelse
VAKKER ALDRING Terracotta blir bare finere jo lenger tiden går.

VAKKER ALDRING: Terracotta blir bare finere jo lenger tiden går.

Inne i produksjonslokalet står krukkeformene klare. Akkurat som du kan drysse bakebrettet med mjøl før du legg på brøda, får krukkene eit lite dryss med oppmala terracotta før leira vert lagt inni for hand.  Dette er handarbeid.

Etter eitt til to døgn, det kjem heilt an på temperatur og luftfuktighet, er leira tørka nok til at ein kan ta av formene. Krukkene vert no flytta inn i eit eige tørkerom der temperaturen er 50 grader. Etter ei veke er dei klar for omnen. Her vert dei brent i 70 timar, sakte opp mot 1000 grader, og sakte ned igjen. Innan 24 timar etter brenning er siste stopp ein dukkert i vatn. Og så er krukkene ferdige for sal.

Geir Mikkelson sikra seg fleire pallar med krukker. Dei er nettopp lossa av traileren og er no på plass hos Hageland Stord.

Dette innhaldet er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.