Sunnhordland

annonsørinnhald

Stadig fleire barn blir nærsynte

Stadig fleire barn blir nærsynte

Optikar Arnhild Myklebust gir deg fleire tips til korleis du kan førebyggja dette.

– Me ser at fleire barn vert nærsynte enn tidlegare, og for mykje tid framfor skjerm kan vera ein medverkande årsak. Nyare forsking viser at utandørs aktivitet kan avgrensa utviklinga av nærsynthet, seier optikar Arnhild Myklebust ved Brilleriet. Ho forklarer at det å vera nærsynt vil seia at biletet ein ser er skarpt og tydeleg på nært hald, men uklart og dårleg på lenger avstand.

– Mykje nærarbeid kan utløysa utvikling av nærsynthet hos barn som er disponert for dette. For barn er det ofte iPad og mobil som gjer at dei sit mykje og fokuserer nært. I Asia har nærsyn nærast vorte ein epidemi der nærare 90 prosent av 18-åringane er nærsynte. I Europa er tala noko lågare, men andelen nærsynte barn har auka gradvis sidan tusenårsskiftet, seier Myklebust.

Ho fortel at det å vera nærsynt i seg sjølv er ikkje farleg, og at det enkelt kan korrigerast med briller eller kontaktlinser.

– Dersom ein blir tidleg nærsynt, gir det større risiko for å bli høggradig nærsynt (-5,00), noko som igjen gir større fare for augesjukdom i vaksen alder, seier optikaren.

Viktig med variasjon

Myklebust rår foreldre til å påverka born til å variera bruken av augo.

– Å sitja inne med ein iPad skaper ein konstant avstand for augo, medan det å vera ute og halda på med uteaktivitetar skaper variasjon for augo og kan førebyggja nærsynthet, seier Myklebust.

Som småbarnsmor har ho stor forståing for at det kan vera vanskeleg å halda born vekke frå iPad og mobil, og det er heller ikkje meininga. Men ho rår foreldre til å ta tida på kor lenge barna sit framfor skjermen, og til å ta pause etter tjue minutt.

– Eg trur dei fleste vil verta overraska kor fort desse 20 minutta går, seier ho.

Den enklaste måten å hindra for mykje tid framfor skjerm er å få barna ut i friluft.

– Då får barnet stimulert synet dynamisk på fleire avstandar.

Se dette bildet i full størrelse
Anita Haugland - Optikar Arnhild Myklebust er daglig leiar og eigar i Brilleriet.

Optikar: Arnhild Myklebust er daglig leiar og eigar i Brilleriet.Foto: Anita Haugland

Aktiv

Oline Sætre Sundt (7) frå Stord likar godt å spela spel på både iPad og tv. Nokre gonger må foreldra setja grenser, men dei har ikkje faste reglar.

– Me har vurdert å byrja med tidsavgrensing. Då er det gjerne lettare å bryta av etter ei stund, dersom det er avtalt på førehand, seier pappa Knut Marius Sundt.

På fritida er Oline aktiv med både handball og ballett, og difor synest foreldra det går greitt om ho spelar litt spel når leksene er unnagjort.

– Dersom det sklir ut med svært mykje tid framfor skjerm, så må me nok setja strengare grenser, seier Sundt.

*Denne artikkelen er produsert av marknadsavdelinga i Sunnhordland.