ANNONSØRINNHOLD

Vegen tilbake til arbeidslivet

Jørgen Danmo veit noko om korleis det er å ha ein meiningslaus kvardag. Frå å vera på utsida av samfunnet har han i dag fått ein ny og givande kvardag.

– Livet mitt er blitt betre på alle måtar, seier han.

I ti år sat Jørgen heime. Døgnrytmen var ute å køyra, dagane og vekene fortona seg som ei endelaus rekkje. Det mørke hòlet vart større og større, vanskelegare og vanskelegare å koma seg opp av.

Jørgen er ein av mange unge uføre som sit heime utan noko fast haldepunkt.

– Ein må ha eit ynskje om å koma seg ut av den vonde spiralen sjølv. Elles nyttar det ikkje. For meg har arbeidsplassen hos Podlen Verkstad gitt meg noko å gå til, og gjort at dagane mine kjennest meiningsfulle, seier han.

For Jørgen gjekk vegen tilbake til samfunnet gjennom ein arbeidsplass som forstår, legg til rette og tilpassar arbeidsoppgåvene etter hans behov.

-Det kjennest godt å vera tilbake i arbeid. Når eg kjem heim om ettermiddagen og set meg ned føre skjermen, føler eg at det er fortent. Det gir ei god kjensle. I tillegg er det positivt å ha eit skilje på kvardag og helg, smiler han.

MEN LIVET HAR ikkje alltid vore mørkt. Like etter vidaregåande skule jobba Jørgen også hos Podlen Verkstad. Hendingar i privatlivet gjorde at han sakte trekte seg tilbake, både frå jobb og det sosiale livet. Han mista fotfestet, blei ung ufør og mørket tok stadig større plass.

- Eg blei ekstremt depressiv og inneslutta, klarte ikkje å ta tak i livet. Det blei ein negativ spiral som eg ikkje kom meg ut av. Eg levde gjennom skjermen, var vaken om natta og sov om dagen. Det blei vanskelegare og vanskelegare å gjera noko med. Det var vondt, fortel han ærleg.

TIL SLUTT KOM Jørgen til eit punkt der han innsåg at han måtte ta grep.

- Eg fekk medisinsk hjelp og det har hjelpt meg mykje. Eg lufta tankane om ei livsendring for ei av dei som jobba i ambulant team. (Ambulant akutteam (AAT) tilbyr hjelp til personar i vanskelege situasjonar eller akutt krise). Ho hadde god kjennskap til Podlen Verkstad og køyrde direkte opp til dagleg leiar Frode Helland. Dette var ein fredag. Allereie måndag morgon sat eg i møte med Frode. Ting skjedde fort.

Slik starta vegen tilbake.

- Det var ingen som såg ned på meg då eg kom i kontakt med Podlen igjen. Eg blei møtt med forståing. Arbeidsoppgåvene blei tilpassa og det blei lagt til rette for at eg skulle koma tilbake til arbeidslivet på mine eigne premiss.

Hos Podlen blei eg møtt med forståing. Arbeidsoppgåvene blei tilpassa og det blei lagt til rette for at eg skulle koma tilbake til arbeidslivet på mine eigne premiss.

Jørgen danmo

ALLE ARBEIDSFORHOLD HOS Podlen Verkstad startar med ein prøveperiode på tre månadar. Overgangen frå uføretrygda til arbeidslivet er stor og ei slik endring tek tid.

- Me legg til rette for at arbeidstakarane skal få prøva ut korleis det er å vera i jobb. Dei fleste startar med tre dagar i veka frå 08:30 – 14:30, men me kan tilpassa etter behov. Målet er å jobbe fem dagar, tilsvarande full stilling. Det viktigaste er at ein kjenne meistring og finn noko som gjer at ein kan fungera på jobb, seier Frode Helland.

Jørgen skriv gjerne under på at det kan vera vanskeleg. Sjølv om vilja er der, kan det vera utfordrande nok å stå opp til rett tid etter ti år med feil døgnrytme.

- Eg forsov meg nesten kvar dag i starten, humrar Jørgen.

– Heldigvis er eg berre blitt møtt med forståing. Podlen har vore fantastiske. Her har ein eit godt team rundt seg som ser deg som person. Gode arbeidsleiarar, kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø gjer at eg har funne min plass. No er målet mitt å koma tilbake i hundre prosent jobb.

For Jørgen er målet å koma tilbake i hundre prosent jobb.

PÅ JOBB HOS Podlen Verkstad er Jørgen blitt ein «mister fix-it». Han hjelper til der det trengst, alltid med eit smil om munnen og ei positiv innstilling.

Når han har ete opp nista si i lunsjen går han gjerne for å finna noko å gjera - før lunsjpausen er over.

- Eg blir fort rastlaus og likar ikkje å sitja stille, smiler han.

- For det meste er eg på vaskeriet. Der trengst det alltid eit par ekstra hender. Elles køyrer eg gjerne ved ut til kundar. Generelt hjelper eg til der det trengst og er innom mykje forskjellig i løpet av ein arbeidsdag. Det kan vera alt frå å reinsa filter på industrivaskemaskinane til å bretta arbeidstøy eller reparera ting. Her er alltid noko å gjera, og det er sjeldan eit keisamt augneblink!

DENNE NOVEMBERDAGEN har Werner Johansen bestilt ei vedforsyning. Jørgen får adressa, brukar sekketralla til å lasta på og fyrer i gong motoren før han svingar ut på vegen.

Johansen har vore fast kunde av Podlen Verkstad i ei årrekkje. Han kjem ut døra og tek imot med eit smil, straks den raude pickupen viser seg i tunet.

- Berre køyr ned langs huset og rygg inn her!

Tidlegare i haust bestilte han over hundre sekkar ved. No treng han påfyll.

- Det er ein heilt fantastisk gjeng som jobbar hos Podlen. Dei er pålitelege og held avtalar, og leverer veden akkurat der eg vil ha han. Dei kunne ha lessa alt av i tunet og køyrd tilbake, men det gjer dei ikkje. Dei legg sekkane på plass akkurat der eg vil ha dei. Det er gull verdt, og det er så viktig å støtta opp om tilboda Podlen tilbyr, seier han.

Jørgen får eit personleg takk i handa når vedsekkane er trygt på plass under taket.

- Takk for den gode jobben de på Podlen gjer. De betyr svært mykje for mange.

SAKTE MEN SIKKERT har Jørgen snudd om på livet sitt.

- Det er godt for den psykiske helsa å ha noko å gå til. Eg et meir og har lagt på meg etter eg kom meg ut i arbeid, og er dessutan blitt meir sosial. Når ein blir inkludert i eit arbeidsmiljø blir også dagane meiningsfulle og du føler at du bidreg til samfunnet. Det er verkeleg godt å vera tilbake i jobb. Det er ei god kjensle å få vera med å utgjera ein forskjell. Å få bety noko for andre. Ein må berre våga å ta det første steget.

Spørsmål & svar

  • Eg vil søka meg til Podlen Verkstad. Korleis går eg fram?

    Ta kontakt med Frode Helland for vidare dialog. Du må stå oppført som arbeidssøkar hos NAV, men dette vil ein gå gjennom i første møte med Podlen Verkstad.

  • Mister eg retten til uføretrygd dersom eg byrjar i VTA?

    Nei. Du kan tena inntil 1G (kr 118.620) i året utan at det går ut over uføretrygda di. Lønn i full stilling hos Podlen er kr 64.750 per år (30-timars veke).

  • Kven kan søka hos Podlen?

    Alle som er uføretrygda og ønskjer eit verdfullt arbeid å gå til har rett til å søkja hos Podlen gjennom NAV. Her jobbar både folk som treng litt ekstra tilrettelegging og folk som har fysiske eller psykiske utfordringar. Ein må fungera i ei 1:5-ordning (1 vegleiar, 5 arbeidstakarar).

  • Eg er redd for at eg ikkje klarer å vera i full jobb. Kan eg ta kontakt likevel?

    Det kan du! Me ønskjer kontakt med deg som vil prøva ut korleis det er å fungera i arbeidslivet.

Treng fleire plassar

Podlen Verkstad har i dag 29 VTA-plassar, men det er inga tvil om at det likevel er eit stort behov for fleire VTA-plassar i Stord og Fitjar. Ser ein snittet av dei andre bedriftene i Sunnhordland, burde Podlen hatt minst 33 VTA-plassar til.

- Me meiner at behovet for tilrettelagt arbeid er likt i alle kommunar. Ein ser tydeleg kor viktig det er med jobb. Arbeid og aktivitet bidreg til betre fysisk og psykisk helse, og når ein har noko å gå til så får ein betre rutinar, døgnrytme og høgare livskvalitet, understrekar Frode Helland.

I ei samfunnsøkonomisk lønsemdsanalyse av VTA frå 2021 blir det konkludert med at i 2021 gjekk samfunnet glipp av rundt 62.000 kroner per arbeidsplass som ikkje blei oppretta.

I Statsbudsjettet vart det nyleg foreslått å auka med 2000 plassar over ein fireårsperiode.

- Me forventar at det vil koma fleire plassar her hos oss på Podlen Verkstad. Alle har rett til ein meiningsfull kvardag, slår Helland fast.

Frode Helland er dagleg leiar hos Podlen Verkstad. Han forventar at det vil koma fleire VTA-plassar.

Facial expression, Vision care, Glasses, Hairstyle, Smile, Sleeve, Community, Eyewear

Oversikt over VTA-plassar i Sunnhordland

Kommune

VTA-plassar

Folketal, 1. kvrt.

Innbyggarar pr. plass

Stord

24

19.154

798,1

Fitjar

4

3.188

797

Sveio

6 (1)

5.733

955

Tysnes

12

2.914

242,8

Bømlo

25    

12.190

487,6

Kvinnherad

30

13.043

434,8

Om innholdsmarkedsføring

Innholdet i denne artikkelen er ikke skrevet av redaksjonen, men av innholdsprodusenter i mediehusets annonseavdeling.

Vi er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Annonsørinnhold skal merkes tydelig, så leseren kan oppfatte at innholdet er betalt for og produsert i samarbeid med en annonsør.

© Copyright Polaris Media