Torstein Hatlevik har opna fredag ny restaurant på Espevær, saman med syskenene  Rollaug Irgens-Hagevik og Silje Hatlevik Urang. Arkivfoto.
Torstein Hatlevik har opna fredag ny restaurant på Espevær, saman med syskenene Rollaug Irgens-Hagevik og Silje Hatlevik Urang. Arkivfoto.

Booka fram til 2022

Fredag opna den nye restauranten «Gamleposten 5444» på Espevær, og interessa er stor.

Postkontoret på Espevær, frå 1868, har ikkje vore i drift på mange år. Fredag opna sysknene Torstein Hatlevik, Rollaug Irgens-Hagevik og Silje Hatlevik Urang restaurant og galleri i bygget. Med tida vil det kanskje komme overnatting òg.

 

 

 

- Det sjarmerande huset kom til sals, så vart me rivne med. Det starta igrunn som ein draum, men så vart det røyndom, seier Rollaug Irgens-Hagevik til NRK.

 

 

 

Dei satsar på kortreist, lokal mat og lokale råvarer. Syskena kjøpte det gamle postkontoret i november i fjor. Etter restaurering og oppussing er dei no klare for for turistinntog, på øya med om lag hundre innbyggjarar.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

Det har vore stor pågang og kort tid etter lanseringa av restauranten, hagla det inn med bestillingar. No har den nye restauranten «Gamleposten 5444» bestillingar seks år framover, heilt til 2022.

 

 

 

- Interessa, og ikkje minst dugnadshjelpa, har vore overveldande, seier Silje, som er den einaste av dei tre som er busett på øya.