E39 over Stord

Først og fremst vil eg anbefale at alle politiske parti samlar seg om eit strategisk vegval over Stord. Kor mange felt det skal vera får bli ein seinare diskusjon.

 

 

 

Korfor ser me ikkje til Austerrike/Italia og brukar meir bruer for å unngå å gå inn i alle dalsøkk?

 

 

 

Korfor ser me ikkje til Sverige og brukar breiare vegskulder som kan gje bilistane mogelegheit til å ta forbikøyringar ved at bilane har høve til å vika til høgre slik at hurtigare trafikk kan sleppa fram? Då kan me kanskje unngå 4-felts veg?

 

 

 

Det har vore hevda i ein avisomtale at vegprosjektet over Stord kan starta då det er det som er komme lengst.

 

 

 

Er ikkje dette ei sanning som kan diskuterast? Før ein kan starte vegbygging, så må brufeste mot Tysnes og tunnelane i sør avklarast. Så vidt eg forstår så er dagens Bømlafjordtunnel for bratt, i.h.t EU sitt regelverk, d.v.s kan nye tunnelar starte på Føyno? Har me land nok att? Om ikkje, kor skal då det nye tunnelinnslaget starte? På Heiane vest er vel mest truleg for å få ein mindre bratt tunnel? Eller tar eg feil?

 

 

 

Eg har ei kjensle av at det er mange luftslott, men ingenting er skikkeleg gjennomtenkt eller planlagt. Bør Vegvesenet setja seg ned og ta ei skikkeleg opprydning og sjekka kva dei har av handfast materiell? Er dei samkøyrde?

 

 

 

Det som må vera enklast/billigaste å planleggja og byggja må vera brufeste/bru frå Jektevik til Hodnaneset. Klara ein å planleggja denne raskt, så løyser det ut arbeid for mange. Dernest kan vegen planleggjast i store strekk, men start vegarbeid må venta til ein har klart for seg kor tunnel innslaget skal gå inn.

 

 

 

-Debatt:Vil vekk frå milliardsluket i Bjørnafjorden

 

 

 

Kan godt henda eg har misforstått ein del ting, men heile saka er så rotete framlagt frå både vegvesen og styresmakter, at det går i surr for nokon kvar.

 

 

 

Sigmund Kroka