Rolf Kristian Larsen og Vilde Stokke har dei to berande rollene i "I slik ei natt". Han er ein eineståande god skodespelar og viser oss ein naken og ærleg Olav Haraldsson. Ho spelar den sanndrøymte ungjenta Gyril på ein trygg og truverdig måte.
Rolf Kristian Larsen og Vilde Stokke har dei to berande rollene i "I slik ei natt". Han er ein eineståande god skodespelar og viser oss ein naken og ærleg Olav Haraldsson. Ho spelar den sanndrøymte ungjenta Gyril på ein trygg og truverdig måte. Foto: ATLE HANSEN

Eit spel for vår tid

Les kva vår meldar, Atle Hansen, tykkjer om "det nye" Mostraspelet.

Med "I slik ei natt" har brørne Svein og Ivar Tindberg skapt om Mostraspelet frå tung og traurig patos til sprel levande teatermagi. Reis til Moster og sjå sjølv.

 

 

 

 

Borna har fått ein stor plass i Mostraspelet.
Borna har fått ein stor plass i Mostraspelet. Foto: ATLE HANSEN
Med "I slik ei natt" er Mostraspelet vorte liv levande teater som både får folk til å grina og le. Strålande rolleprestasjonar av både amatørar og profesjonelle i ein god tekst av Svein Tindberg og like god regi av broren Ivar.
Med "I slik ei natt" er Mostraspelet vorte liv levande teater som både får folk til å grina og le. Strålande rolleprestasjonar av både amatørar og profesjonelle i ein god tekst av Svein Tindberg og like god regi av broren Ivar. Foto: ATLE HANSEN
Moster Amfi har også fått ein veldig funskjonell, vakker scenografi som leiar tankane til vikingskipa.
Moster Amfi har også fått ein veldig funskjonell, vakker scenografi som leiar tankane til vikingskipa. Foto: ATLE HANSEN

Framsyninga byrjar før folk heilt har fått sett seg til ro i dei nye benkane i Moster Amfi. Einkvan held på med banking og spikring ein eller annan stad bak den vakre vikingskip-scenografien. Etter kvart skjønar ein at dette faktisk er ein del av stykket, og meir skal ikkje røpast om det her, men regissør Ivar Tindberg fører tilskodarane på smart vis inn i ein dramaturgi og forteljemåte, som hentar element frå både moderne teater og filmforteljinga si kryssklipping og hopp i tid og rom.

 

 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Her skjer nemleg slett ikkje alt på Moster. Nei då.

 

 

 

 

Som dei vikingane og seglande handelsfolk stykket fortel om, reiser handlinga lett frå London til Cadiz og frå Totland til Stiklestad. Nesten berre kvinnene er att på Moster og tek vare på tradisjonane, før barna og syt føre at historia vert knytt saman.

 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

Det er Nina Sele som før barn. I hopetal og til ei kvar tid. Ho er gravid heile tida. Eller Jorid som rolla hennar heiter. Sele stråler i denne rolla som er som skapt for henne. Det same gjer Geir Ersland som spelar husbonden hennar, Åsmund. Ei burlesk rolle dette òg, men mot slutten står han for eitt av dei mest gripande og emosjonelle augneblinkane i heile stykket.

 

 

 

 

 

Tru no likevel ikkje at dette er dei einaste bømlingane som spelar over evne i Ivar Tindberg sin regi og Svein Tindberg sin gode tekst. Eg har aldri før sett så mykje godt skodespeleri i Moster Amfi. Heller ikkje så mykje god komikk. For trass i at dette er eit stykke som handlar om kristninga av Noreg og om Olav Haraldsson sin veg frå ei regelrett bølle til helgen, så er det også til tider rein buskis og folkekomedie. Det syt ikkje minst folk som Steinar Halleråker for, ein ringrev i Mostraspel-samanheng, som her får briljera som komediespelar og som burde fått bilete i programmet, spør du meg.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

 

 

Eg lyt nemna nokre fleire. Erik Larsen er trygg og sterk som Tord. Han viser att i flokken. Nina Meldahl Olsen både spelar, syng og ser praktfull ut i rolla som Ragnhild, mor til den kvinnelege hovudrolla Gyril. Ingunn Rolfsnes som Tora gjorde også sterkt inntrykk som sterk og rakrygga kvinne som talar makta i mot, Brynjar Stautland er som vanleg god, men heng kanskje litt att i spelestilen frå "Kristkongane" - ikkje rart det, han har vore konge lenge no, og har stor autoritet på scenen. Vilde Stokke som sanndrøymde Gyril ber mykje av handlinga og er ved sida av Olav den det heile dreier seg kring. Ho gjer det på imponerande trygg og overtydande vis.

 

 

 

 

Eg kjem til å hugsa henne lenge. Eit stort talent.

 

 

 

 

 

Dette er lokale heltar, altså, nokre med skodespelarutdanning, andre med årevis med sceneerfaring bak seg og dei spelar heilt jamsides dei profesjonelle skodespelarane utanfrå og kjem aldri nokon gong til kort. Eg trur det har med god regi å gjera og ein god tekst, men også at dei får spela på dialekt og ikkje treng å gjera seg til på noko vis. Dei får bruka sine eigne styrker.

 

 

 

 

 

Det må likevel seiast at kvartetten Rolf Kristian Larsen (Olav Haraldsson), Svein Tindberg (Tore Hund), Randolf Walderhaug (Rane) og Anderz Eide (Sigurd) hevar denne førestillinga til teaterkunst av beste merke. Du verden, så gode dei er. Og du hendelse, for ein skodespelar Rolf Kristian Larsen er. Sjølvsagt er det teknikk, sjølvsagt er det handverk og talent og alt det der, men det er også eineståande, personleg og utleverande kunst.

 

 

 

 

Han spelar ikkje Olav, han er Olav.

 

 

 

 

Han er ein Olav som trass i at han er konge og hovding også er ein litt veik og puslete, alminneleg fyr, og ei usympatisk bølle, som gjer seg tøffare enn det han eigentleg og slett ikkje er - den store høgreiste helten me gjerne tenkjer oss. Larsen spelar på stavangerdialekt. Takk for det. Svein Tindberg sin teaternynorsk og overtydelege diksjon vart brått litt framand i denne samanhengen, men at han er ein strålande skodespelar er det likevel ingen tvil om, og god dramatikar også.

 

 

 

 

 

Eg skal ikkje gjenfortelja mykje av handlinga, men det dreier seg om livet til Olav Haraldsson, og mot slutten lagnaden til drapsmannen hans, Tore Hund. Det handlar om kristninga av Noreg, men Svein Tindberg har også fått med Islam og slik sett det inn i vår samtid, gjennom trælen Omar (Kadir Talabani). Olav Tryggvasson har berre fått tildelt ei rolle som spøkelse i denne forteljinga. Kan henda vert Olav den heilage for heilag på slutten.

 

 

 

 

Han var då verkeleg ein valdsmann av verste sort.

 

 

 

 

 

Eg har nemnd at humoren spelar ein viktig rolle i førestillinga, humor brukt medvite for å letta det heile og gje publikum kvilerom og latterpausar og slik løfta fram dei meir alvorlege og emosjonelle scenane og gje dei større verdi og tyngde. Det er flott gjort, godt tenkt og velsmurd teater frå ende til annan.

 

 

 

 

 

I "Kristkongane" var presentasjonen av kristenlova alltid like stiv og tung og trøyttande og drap heile førestillinga. I det nyfødde mostraspelet er dette eitt av høgdepunkta. Det er gjort humoristisk og pedagogisk og teateralt i staden for tekstlesing og tung tale.

 

 

 

 

 

At kvinnene har fått ein så stor plass set eg stor pris på, sjølv om dei kan henda er i overkant moderne i tankar og haldningar. Likeeins likar eg at ungane har fått ein eigenverdi. Dei er ein vesentleg del av heile stykket.

 

 

 

 

Dei var med å laga liv og leven og det har me alltid godt av.

 

 

 

 

 

Eit minus: Songane står ikkje trygt på eigne bein, og er etter mitt syn ikkje gode nok. Dei er lettbeint popmelodiar utan eigenverdi. Dei går ut og inn same øyra, som han sa mannen. Og då hjelper det ikkje at Nina Meldahl Olsen og Vilde Stokke syng vakkert i duett, og at eg kva tid som helst høyrer meir av stemma til Emma R. Sele - ho song nydeleg.

 

 

 

 

Nok om det. Sidan dei var så anonyme, plaga dei meg heller ikkje mykje.

 

 

 

 

 

Orsak de eg ikkje har nemnd namnet til, det var ikkje plass til det. De var kjempeflinke alle saman. Verkeleg.

 

 

 

 

Atle Hansen

Mostraspelet

"I slik ei natt"

Urpremiere, Moster Amfi, fredag

Av: Svein Tindberg

Regi: Ivar Tindberg

Med: Svein Tindberg, Nina Sele, Steinar Halleråker, Erik Larsen, Nina Meldahl Olsen, Ingunn Rolfsnes, , Brynjar Stautland, Vilde Stokke, Rolf Kristian Larsen, Randolf Walderhaug, Kadir Talabani m.fl.