Per Fadnes har gjeve ut mange rapporter om det biologiske mangfoldet i Sunnhordland. No har han blitt dosent ved HVL.
<br>
Per Fadnes har gjeve ut mange rapporter om det biologiske mangfoldet i Sunnhordland. No har han blitt dosent ved HVL.
Foto: Svein Ove Eikenes

Har blitt dosent

Per Fadnes brenn for naturfag. No har han blitt forfremja.

Per Fadnes har lang og tru teneste ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare HSH) bak seg. 

 

Han starta så langt tilbake som i 1981, og har vore førsteamanuensis sidan 1984. No har Fadnes fått tittelen dosent, melder Høgskulen på Vestlandet (HVL) i ei pressemelding.

I grunngjevinga heiter det at Fadnes gjennom sin lange yrkeskarriere har vist god fagleg spennvidd, og han har formidla faget sitt til ålmenta.

Lokale undersøkingar

- Arbeida hans stammar frå undersøkingar han har gjort lokalt, og viser openberre positive haldningar til at sjølv dei små funna ikkje berre er tekne i bruk innan sitt eige fag, men også har verdi innan det nordiske, vitskaplege fagmiljøet. Søkjaren har gjennom sitt mangeårige arbeid i skuleverket og høgskulen dokumentert ein jamn og fin innsats innan dei ulike felt han har vore borti, samstundes som han har oppretthalde kontakten med det vitskaplege, botaniske miljøet, skriv den sakkunnige juryen.

Og lurer du på kva ein dosent er?

  

Det er ei forskar- og undervisningsstilling på same nivå som professor, men med ein annan fagleg basis. Det grunnleggjande kravet for å få dosentkompetanse er omfattande forskings- og utviklingsarbeid på høgt nivå, retta mot yrkesfeltet.