Stord brannvesen sin innsatsleiar Jan Tore Brückner (t.v.) og mannskapa hans fekk raskt lokalisert brannen i einebustaden på Ådland. I midten står politiet sin innsatsleiar Henning Vik og ambulanse&shy;mannskap Ove Røstbø (t.h.). <br>
Stord brannvesen sin innsatsleiar Jan Tore Brückner (t.v.) og mannskapa hans fekk raskt lokalisert brannen i einebustaden på Ådland. I midten står politiet sin innsatsleiar Henning Vik og ambulanse­mannskap Ove Røstbø (t.h.).
Foto: Kjetil Østrem

Hus på Ådland nyleg selt for 3,7 mill.

Einebustaden på Ådland skifta eigar for berre eit par veker sidan. Ingen personar kom til skade i brannen.

Huset, som skal vera bygd i 1963, blei lagt ut for sal i oktober i fjor, til ein prisantydning på 3.290.000 kroner. Kjøpet vart tinglyst for 14 dagar sidan, og huset gjekk for 3.730.000 kroner, ifølgje eiendomspriser.no. Men no er huset, som gjekk godt over prisantydning, totalskadd etter brann.

  

Det var klokka 08.47 tysdag morgon brannvesenet fekk melding om brann i einebustaden på Ådland. Sløkkinga skulle visa seg å bli utfordrande.  

- Då me kom fram var det sterk røykutvikling. Me fekk raskt lokalisert brannen til loftsetasjen. Men brannen hadde spreidd seg til kaldloftet, mellom isolasjonen og takpannene, og det var full fyr i lektene. Dette gjorde det vrient for oss, fortel innsatsleiar Jan Tore Brückner i Stord brannvesen.

 

Bakgrunn:Einebustad i full fyr på Ådland

  

Straks brannmannskapa fekk på plass lift, kunne dei få fjerna takpannene og klarte dermed å få kontroll på flammane relativt raskt.

- Etter halvannan time så var brannen sløkt, sånn rundt klokka 10.40, fortel Brückner.

Store skader

Han fortel om store skader inne i den flotte einebustaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 - Loftsetasjen er meir eller mindre utbrent. Hovudetasjen har også store skader, av både røyk og temperatur medan kjellaretasjen har fått store vasskadar, fortel innsatsleiaren.

 

 Då Sunnhordland snakka med Brückner like over klokka 13.00 tysdag var brannen heilt sløkt.

 

 - Me har to personar på vakthald. Men det skal vera sløkt og kaldt no, og klart for politiet til å gå inn og gjera sin jobb. Ingen personar kom til skade i brannen.

 

Sunnhordland lukkast ikkje med å få tak i Stord-lensmann Roald Raunholm tysdag ettermiddag. Men operasjonsleiar André Skram Hansen ved Sørvest politidistrikt opplyser at politiet sine åstadsundersøkingar vil ta til i dag, onsdag.

 

 - Me har våre teoriar, men vil ikkje gå ut med dei. Etterforskinga må gå sin gang før me konkluderer, seier Skram Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.