Måndag kveld var det tre trailerar som køyrde forbi kontrollen på Vabakkjen.
Måndag kveld var det tre trailerar som køyrde forbi kontrollen på Vabakkjen. Foto: INGE SØREIDE

Suste forbi kontrollen

Denne veka starta med at det var tre trailerar som køyrde rett forbi kontrollen til Statens vegvesen.

– Me har stadig problem med at trailerar køyrer forbi når me har skilta kontroll på Vabakkjen. I går kveld var det to utanlandske og ein norsk trailer som køyrde forbi, seier kontrollansvarleg Inge Søreide i Statens vegvesen til Sunnhordland tysdag.

 

 

 

Han seier at alle dei tre trailerane blei hanka inn og melde politiet.

 

 

 

Les også:– Bedrøveleg å sjå at sjåførar stikk av

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

Kvifor er det slik at så mange køyrer rett forbi kontrollane, trur du?

 

 

 

– Det er eit godt spørsmål. Hadde dei hatt noko å frykta, så var det lettare å forstå. Den eine som køyrde forbi i går hadde aldri vore i slik kontroll før. Eg trur somme sjåførar er litt lite observante, seier Søreide.

 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også:– Dette er ei stor plage for oss

 

 

 

Tungbilkontroll på#Stord; stadig problem med forbikjøring i skilta kontroll. Denne gongen var det 3 stk, alle innhenta og anmeldt.

— Statens vegvesen (@VegvesenVest)2. februar 2016

 

 

 

Han understrekar at det ikkje skulle vera noko problem å sjå skilta, som er utstyrt med blinkande lys, og særleg ikkje når det er mørkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

 

– Kva skjer når trailerane køyrer forbi?

 

 

 

– Då ringjer me operasjonssentralen, eller vinkar dei inn slik me gjorde i går. Då hadde me ein ekstra post ute på E39, seier Søreide.

 

 

 

Han fortel at det var mykje bra å sjå i kontrollen i går.

 

 

 

– No for tida har me mest fokus på vinterutrusting, køyre/kviletid og vektkontroll.