Stolen: Vegar Bjelland Vik sin bil, av typen Morris Mini 1000, vart stolen frå Turnhallen parkeringshus i Borggata i juni. Foto: Vegar Bjelland Vik

Vegar sin bil blei stolen frå parkeringshus

Då Vegar Bjelland Vik skulle flytta bilen sin frå parkeringshuset ved Turnhallen i Borggata, var den vekke.

Bjelland Vik fekk beskjed frå eigarane av parkeringshuset om at han måtte flytta bilen sin 22. juni. To dagar seinare oppdaga eigarane av huset at bilen var vekke, og tenkte det var Bjelland Vik som hadde vore og flytta den. Det hadde han ikkje.

– Eg skulle flytta den her om dagen, og då var den vekke, seier Bjelland Vik.

Han har lagra bilen sin i parkeringshuset i fleire år, fordi den ikkje er køyrbar. For å koma inn i parkeringshuset, må ein ha nøkkel.

– Dei som har teke bilen må ha visst om den, og slept den eller teke den med på hengjar, meiner Bjelland Vik.

Bjelland Vik har meldt tjuveriet til politiet.