Ekteparet Svein (89) og Aslaug (86) dreiv daglegvarebutikk i Sagvåg i fleire tiår. No gjer dei eit dramatisk grep i livet sitt
Ein epoke er snart over for to av Sagvåg sine største kjendisar.
– Vil de ta bilete av oss? Det passar jo heilt utmerkt, ettersom eg var hos frisøren i går. Eg har framleis litt hår att på toppen, ler 89 år gamle Svein Jonassen.
– For stort
Ved sidan av han i den raude sofaen, i éi av huset sine to stover, sit den tre år yngre kona hans, Aslaug. Her, i dette huset i Sagvågsbrekko, har ekteparet budd i 60 år, heilt sidan 1960. Fram til 1995 dreiv dei daglegvarebutikk på gateplan. No er det til saman 380 kvadratmeter store huset lagt ut for sal.
– Huset blir litt for stort for kona og meg, seier Svein Jonassen, og ser bort på Aslaug.
Ho nikkar samd.
– Det går ikkje for gamle folk å ha eit så stort hus. På eitt eller anna tidspunkt blir anten han åleine, eller eg åleine. Då blir det vanskeleg å sitja med alt dette, seier ho.
Vemodig
Ekteparet legg likevel ikkje skjul på at det blir litt vemodig å selja heimen sin.
– Det blir litt vemodig og rart. Me har jo budd her sidan 1960, så det er jo naturleg at me kjenner litt på det. Ungane våre har sine eigne hus, og er ikkje interesserte. Så då blei det sånn, seier Aslaug.
Svein Jonassen sprintar fram og tilbake - uforskamma lett på tå for alderen - og hentar pappesker fulle av fotografi.
– Det verste er å ta ei avgjerd på kva du skal hiva, og kva du skal ta med deg. Det samlar seg opp frykteleg mykje rart opp gjennom åra, kan han slå fast.
Gler seg
Trøysta er at dei ikkje skal flytta så langt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Der borte, seier 89-åringen, og peikar ut stoveglaset.
Berre eit lite steinkast unna ser me at ei rekkje med nye leilegheiter, med utsikt over innseglinga til Sagvåg, byrjar å ta form.
– Den siste innflyttingsdatoen me har fått er 7. januar neste år.
– Gler de dykk?
– Ja! svarar Svein Jonassen.
Hann-sild
I dei gamle butikklokala i underetasjen har det i ei årrekkje vore fysioterapi og fotterapi. Om veggane hadde kunna snakka, så ville det ha komme fram mykje rart, trur Svein og Aslaug Jonassen.
– Hugsar du ho som kom inn i butikken og skulle ha hann-sild? seier Aslaug til ektemannen.
Begge to ler.
Det var Aslaug som tok imot kunden den gongen.
– Eg visste jo ikkje korleis eg skulle skilja hann-sild frå ho-sild. Difor gjekk eg ut på lageret. Der møtte eg Nils Føyen, som kunne dette med fisk. Eg sa at han måtte koma med meg, og visa meg oppi tønna kva som var hann-sild. «Er du steike galen. Det går ikkje an, det», sa Nils til meg, ler Aslaug.
Artikkelen held fram under annonsen.
Medan ho-silda har rogn, skal hann-silda visstnok innehalda ister - som er ein type innvolsfeitt i visse typar fisk. Istersild skal vera perfekt å laga spekesild av, går det fram av Store norske leksikon.
– Så kunden var i fullt alvor, seier Svein Jonassen.
Åtvara
Det gamle vegguret slår nokre slag, idet 89-åringen kostar støv av ein bunke med fotoalbum med gamle bilete frå butikken. Og vips - så er det som å vera på tur med tidsmaskinen.
Før 1960 dreiv Svein sin far, Sigurd Jonassen, butikk ved foten av Sagvågsbrekko. Huset brann ned for eit par tiår sidan, men blei bygd opp att, og husar i dag blant anna tannlege Anette Mjøs.
– Far min hadde alt mogeleg. Det var berre fly og kanoner han ikkje selde, hevdar Svein.
Kremmarfamilie
Eigedomen som no er til sals har røter endå lenger tilbake - heilt tilbake til Svein sin bestefar, Åsmund Jonassen. Saman med O.K. Rydland eigde han store delar av det som blei kalla Bryggjesporen i Sagvåg.
Og me skjønnar kjapt at gründer- og kremmaranda i familien er sterk. Bestefar Jonassen var frå Hebnes i Ryfylke, var bakar på Kårstø, i København og på Stord. Han kjøpte seg gard på Almås, men blei teken att på odel. Det var då han bygde huset ved foten av Sagvågsbrekko.
– Då han slutta å baka starta han slakteri, som seinare blei overteke av Nils Myhre - som var far til blant andre Olav og Åsmund Myhre, opplyser Jonassen.
– Saknar du tida som handelsmann?
– Eg hugsar far min åtvara meg frå å byrja «å handla». Men det var det eg ville. Men det var jo tidvis tøft, særleg etter at dei store daglegvarebutikkane etablerte seg på Leirvik. Først med Ojako. Det merka me godt, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gutestrekar
Jonassen seier at han var skåna for steling og innbrot. Men litt skjedde det.
– Litt gutestrekar, og sånn. Og éin gong blei skrinet med alle pengane frå pengelotteriet stole. Skrinet blei funne att inne i Skiparvikjo. Men pengane var borte vekk, humrar han.
I 1995 selde Svein Jonassen butikken til Kjell Lyder Risnes. Risnes-familien dreiv berre eit par år i Jonassen-lokala, før dei opna Rimi-butikk i Skiparvik forretningsbygg.
Båtgarasje
Eigedomsmeklar Christoffer Naustvåg Lillestøl hos EiendomsMegler1 meiner at dette er ein type eigedom som sjeldan blir omsett på våre kantar.
– Eigedomen har ein kombinasjon med stor bustadel, næringslokale, bilgarasje og båtgarasje, med plass til to båtar, skriv han i prospektet.