Ei utruleg bragd

SØNDAG og måndag kunne me sjå 17 år gamle Tuva Almås i «alle kanalar». At ei ung jente frå ein snøfattig plass som Sagvåg går hen og vinn juniorklassen i Finnmarksløpet er ein fantastisk prestasjon. Så stor at dette plasserer 17-åringen i lag med dei fremste idrettsutøvarane frå Stord gjennom alle tider, uansett grein. Me vil nok få høyra meir til henne dei neste år.

 

 

 

FOLK FLEST på våre kantar veit nok ikkje så mykje om Finnmarksløpet, og anar difor ikkje kor stort dette er. Løpet vart første gongen arrangert i 1981, med få deltakarar, men er sidan den gongen profesjonalisert og kommersialisert frå å vera eit lite idrettsarrangement til å bli landsdelen sitt største kultur- og sportsarrangement. Finnmarksløpet har dei siste åra blitt ein solid merkevare, og NRK har hatt daglege sendingar sidan 2009, og interessa blant nordmenn har eksplodert dei siste åra. Sjåartalet har lege på over 400.000, og ein sjåardel på 33 prosent. I tillegg har fleire hundre tusen følgt løpet via diverse nettsider.

 

 

 

JUNIORLØPET går frå Alta, over Finnmarksvidda og tilbake att. Tuva Almås køyrde ut like før klokka 12 laurdag. 220 kilometer og 26 timar seinare, kom ho først i mål saman med Kokos, Oskar, Sion, Svarten, Proffen og Bruno, alle av hunderasen Alaska Husky. Ho var slett ikkje den einaste som vart overraska over at ho kom først i mål. For eigentleg er det heile nokså naturstridig.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

SOM FAREN, Hans-Petter Almås, uttrykte i eit intervju etter målgang: Det er slett ikkje nokon sjølvfølgje at ein blir hundekøyrar på Stord, der det er vinter om lag ein ettermiddag i året. Nettopp difor er denne prestasjonen så ufatteleg stor, og det må kosta svært mykje tid og pengar å reisa rundt og trena og verta god. Difor fortener Tuva Almås den hyllesta ho kan få, og me håpar og trur at sponsorane stiller velvillige opp, slik at ho kan få satsa vidare på idretten. Gratulerer!