Bandet 10CC.
Bandet 10CC. Foto: Presse

10CC stadfesta til festival

Bandet 10CC er klare for Tysnesfest i sommar.

Festivalleiinga er langt frå ferdige med å sleppa artistar og aktivitetar i samband med årets festival.

Siste tilskot i rekkja er bandet 10CC som kjem til Gjerstad arena 12. juli.

Det britiske rockebandet vart danna i 1972, og fekk sitt gjennombrot med parodilåten «Donna», etterfølgt av singlane «Rubber Bullets» og «The Dean and I».

Frå før er mellom andre Rotlaus, Åge & Sambandet, Marthe Wang, DDE og Skambankt stadfesta til Tysnesfest i sommar. Sistnemnde skalrocka på toppen av Tysnessåto.

– Billettsalet går som det susar om dagen! Me har aldri selt så mykje billettar pr. 24. april til nokon anna festival i historia, seier dagleg leiar Øystein Vaage i ei pressemelding.

Les også: Staute karar til Tysnesfest