Konsert på Tysnessåto med Skambankt.
Konsert på Tysnessåto med Skambankt. Foto: Arnhild Aas Vad

1700 til topps for å høyra på Skambankt

Tradisjonen tru var det konsert på Tysnessåto.

Big Bang, Sivert Høyem og Lars Vaular er blant artistane som tidlegare har fått æra til å spela på Tysnessåto torsdagen i samband med Tysnesfest, og i år var det dei jærske rockarane i Skambankt sin tur.

Folk valfarta til fjells i det flotte vêret, og ifølgje arrangøren sleit ca. 1700 personar seg opp til 753 moh. for å høyra konserten på Tysnessåto.

Tysnesfest held fram med ei rekkje konsertar kvar kveld til og med laurdag, i tillegg til ei rekkje andre arrangement på dagtid.

Les også: Søv i papptelt og konteinarar