Det er det maritime som står i høgsetet, når lokale organisasjonar inviterer til Kanaldagane i Kulleseidkanalen i september.
Det er det maritime som står i høgsetet, når lokale organisasjonar inviterer til Kanaldagane i Kulleseidkanalen i september. Foto: Egil Blomsø

All underhaldning i telt under Kanaldagane

For 18. året på rad vert Kanaldagane arrangert ved Kulleseidkanalen på Bømlo.

– Også i år vil me ha all underhalding i telt. Dette vil sikra artistar og publikum mot eit eventuelt dårleg ver, opplyser presseansvarleg Kurt Inge Larsen om.

Illusjonisten Davido, bandet Gunslingers og revyartist Gunnar Andersen er blant fleire som skal stå for underhaldninga.

– Me trur me har snikra saman eit flott og allsidig program, der me no har kveldsarrangement både fredag og laurdag, seier Larsen i ei pressemelding.

På programmet står også stands, quiz og foredrag. Kanaldagane vert arrangert 6.–8. september.