Avlyst: Årets Tysnesfest vert avlyst. Foto: Tysnesfest

Årets Tysnesfest er avlyst

«Det er med stort vemod me må melda at årets Tysnesfest no er avlyst», skriv festivalen. – Det vert eit tomrom, seier festivalsjefen.

– Me har gått litt å venta på det. Samstundes så stikk det litt i magen når ein først får beskjeden, seier festivalsjef Øystein Vaage til Sunnhordland.

Dei har i det lengste håpa at festivalen skulle kunna gjennomførast, men etter dei nye retningslinjene frå myndigheitene, ser dei no at dette er det einaste alternativet.

Kulturminister Abid Raja kom laurdag med nye reglar for arrangement i sommar. Han opplyste at arrangement som samlar fleire enn 500 menneske ikkje er lov heilt fram til 1. september.

Dei årlege festivalane Fest i Vest i Sagvåg og Festidalen i Uskedalen melder også at årets arrangement er avlyst.

Les også
Lokale festivalar ser an situasjonen og håpar i det lengste

– Rar sommar

– Det blir ein veldig rar sommar. Me har jobba heile vinteren for dette her. Det blir dumt både for lag, organisasjonar, russebussar og andre som skulle jobba for oss, samt leverandørar. Det vert eit tomrom, seier Vaage.

Fleire av artistane som sto på plakaten til sommaren, har allereie meldt ifrå at dei vil stille neste år i staden.

– Korleis vil det gå for festivalen økonomisk?

– Forhåpentlegvis bra. Me veit ikkje enda kva kompensasjonsordningar som kjem frå regjeringa. Me håpar det kjem noko som munnar litt. Når det er myndigheitsbestemt at me må avlysa, gjer det at me ikkje treng å betala artistane som me måtte gjort om det var me som avlyste, svarer Vaage.

Les også
Håpar framleis på sommarrevy i Fitjar

Folk sender pengar

Tysnesfest melder at dei som har kjøpt billett og ønskjer å få beløpet refundert, vil få det. Men at det også er mogeleg å la det stå og vera med til neste år.

– Folk har byrja å vippsa oss og alt mogeleg. Me skreiv ei lita linje om det nedst i nyheitsbrevet, om at dersom folk hadde lyst, så set me pris på det. Det har komme inn fleire tusen allereie på få timar, seier festivalsjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette skulle vore 14 året med Tysnesfest, og artistar som Jason Derulo, Village People og Highasakite sto på plakaten.

– Me kjem tilbake sterkare enn nokosinne i 2021, og har allereie datoane klare. 7. til 11. juli 2021 er det duka for tidenes festival, og me reknar med publikum er festhungrige etter eit års pause frå Tysnesfest, seier Vaage.

Avlyst Fest i Vest

Søndag ettermiddag kom det også pressemelding frå Fest i Vest om at dei har avlyst.

– Det har lege i korta at denne meldinga kunne komma, men me har håpa i det lengste at me kunne arrangera årets festival. I dag kom den endelege spikaren i kista. Me hadde gleda oss til den femte utgåva av Fest i Vest, med flinke musikarar på scena, barnearrangement og marknadsplass i kjent sagvågstil, uttalar festivalleiar Britt Heidi Værøy.

Festivalen Festidalen, i Uskedalen i Kvinnherad, er også på lista over avlyste festivalar, skriv Kvinnheringen, medan Omstock prøver å finna ny dato.

Etnemarknaden er også avlyst, det same er Skånevik Bluesfestival.

Les også
For første gong på eit kvart hundreår blir det ikkje sommarrevy på Leirvik