Avlyser barnekarneval på Stord. Foto: Steinar Hystad

Avlyser karnevalet

Det blir ikkje noko av det tillyste barnekarnevalet i regi av Stord sin Internasjonal Kulturklubb i Samhald kommande laurdag. I ei melding frå klubben heiter det:

«Kjære vener. Det er semje i styret om å avlysa karnevalet grunna koronaviruset. Me ønskjer å gjera vårt til at born og vaksne ikkje vert smitta. Tusen takk til alle som har sagt ja til å baka eller hjelpa til under karnevalet. Me håpar alle held seg friske og vil delta i karnevalet 2021».