Blir avlyst: Det blir ikkje teaterfestival i år heller. Biletet er frå framsyninga Feenes hemmelige liv av Haugesundscenen i 2019. Foto: Vindblikk/Kari Mendelejev Svanberg

Avlyser teaterfestival

Årets teaterfestival blir avlyst. Det skriv kulturrådgjevar Trond Leirvik Onarheim i eining for kultur i Stord kommune i ei pressemelding.

«Arrangørane bak Teaterfestivalen på Stord - Stord teaterlag og eining for kultur i Stord kommune - ser ikkje noko anna løysing enn å avlysa årets teaterfestival grunna koronasituasjonen», står det.

Festivalen skulle gått føre seg 9. til 11. april.

«Å samla barn og unge frå ulike kommunar til ei sosial festivalhelg ser ut til å bli ei umogeleg oppgåve denne våren», skriv Onarheim.

Les også
Startar billettsalet til stormusikal

Også fjorårets teaterfestival blei avlyst, då den skulle gå føre seg berre 14 dagar etter at regjeringa kom med totalforbod om kulturarrangement. I 2019, sist Teaterfestivalen blei arrangert, var det 210 unge deltakarar frå Stord, Askøy, Bergen, Haugesund og Suldal med.

«Arrangørane lovar å klinka til med ei etterlengta scenekunsthelg 1. til 3. april 2022», står det i pressemeldinga.