I studio: Linda Øen er gjest i podkasten til Kjetil Fyllingen. Foto: Kjetil Fyllingen

Bli betre kjend med Linda Øen

Ny gjest i Sunnhordlandpodden.

I vekas episode av Sunnhordlandpodden er det Linda Øen som gjestar studio. Ho er direktør for Sunnhordland museum, og gjennom episoden vil du kanskje oppdaga at museet er større enn du trur.

Øen fortel også om utstillinga «Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes», som du kan sjå på Sunnhordlandstunet i sommar.

Høyr episoden her:

… eller via denne lenkja.

Her er oversikta over alle episodane av Sunnhordlandpodden.