Stordpodden: Christin Kalve i studio hos Kjetil Fyllingen og Stordpodden. Foto: Kjetil Fyllingen

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

I denne vekas episode av Stordpodden, er Christin Kalve gjest i studio. Der fortel ho mellom anna opent om korleis det er å leva med ADHD.

I Stordpodden får du møta spanande personar med ein eller annan tilknyting til øya Stord. Denne veka er det innehavar og drivar av Sport-Treff på Stord, Christin Kalve, som er gjest hos programleiar Kjetil Fyllingen.

– Eg har alltid vore aktiv, og glad i varierte treningsformer. Høgt oppe veldig ofte, og det har fått sin forklaring. Eg har hatt mykje energi, fortel Kalve innleiingsvis.

Då ho var 39 år gammal fekk ho diagnosen ADHD.

– Heilt sidan barndommen har eg på ein måte vore uroleg, vore på jakt, ein finn ikkje ut kva ein vil, kva som er meininga, kva ein skal bli når ein blir stor. Det var vanskeleg å lesa, skriva og konsentrera seg, fortel Kalve.

Les også
– Dansen har alltid vore mitt språk

Det var ein lege som hjelpte stordabuen å finna utav ting.

– Då fekk eg diagnosen ADHD. Det har vore ein ganske smertefull prosess òg, fordi ein er jo sårbar. Det å innsjå at ein har ADHD, ein skal ta medisin og så skal ting bli bra, men så blir det ikkje bra. For meg så var nok dette vegen til å forstå kor viktig treninga har vore og er for meg, og at dette har blitt min medisin.

Episoden kan du spela av her:

Eller i Spotify her:

I tillegg finn du Stordpodden i Apple Podcasts her, og elles ei oversikt over andre avspelingsmogelegheiter her.

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

Artikkelen held fram under annonsen.

Jan Roar Hovland gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Magdalena From Delis om dansen og oppveksten

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar