Programleiar Kjetil Fyllingen får besøk av Magdalena From Delis i studio. Foto: Kjetil Fyllingen

– Dansen har alltid vore mitt språk

I denne vekas episode av Stordpodden er det Magdalena From Delis som er gjest hos programleiar Kjetil Fyllingen.

Delis fortel mellom anna om oppveksten i Sverige og om sitt forhold til dansen.

– Eg har alltid hatt dans som språk. Pappa seier at han alltid har visst at eg skulle verta dansar, fordi eg roa meg ikkje med mindre han dansa rundt med meg i stova då eg var baby. Og farfar har alltid kalla meg for sin vesle ballerina, fortel Delis, og legg til:

– Då eg vart lei meg, eller sint, eller ikkje kunne seia ting med ord, så fann eg ein song som sa det eg ønskja og dansa det ut. Eg har alltid elska å koreografera, så det har nok alltid vore mitt språk sidan eg var ganske liten.

Les også
NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Likevel kjempa ho ein kamp inni seg for å finna ut om ho ville verta dansar eller advokat. Ho byrja etter kvart på dansegymnas i Uddevalla, og hamna så på Ballettakademien i Göteborg.

– Det var hardt, men eg elska det. Det er ikkje alle som elskar det, for det er ikkje for alle. Det vert ein livsstil, seier Delis.

Du kan høyra episoden her:

Eller i Spotify her:

I tillegg finn du Stordpodden i Apple Podcasts her, og elles ei oversikt over andre avspelingsmogelegheiter her.

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

Bli betre kjend med (tidlegare) Sykkel & Kaffi-Stein

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt brenn for flyktningar

SNG-leiar Jan Kåre Pedersen om vegen frå telemontør til bedriftsleiar

Berit Hovstad starta mikrobakeri i kjellaren

Ingvild Hjellestad Johannesen brenn for teaterlaget

Jan Roar Hovland gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Artikkelen held fram under annonsen.

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Redaktør Magne Kydland om podkast-satsinga

Les også
No er «Stordpodden» her!