Nominerte: Bandet «Silver Wings» spelte musikk elevar kunne dansa til under Vinterballet i Nyehallen på Vikahaugane onsdag kveld. No er gjengen nominert til Drømmestipendet. Foto: Per Lønning

Dei er nominerte til Drømmestipendet

Stord kommune har nominert fire kandidatar til Drømmestipendet 2020.

Dei fire er Oda Rolfsnes (teater), Magnhild Halland (musikk), Rumen Angelov (musikk) og bandet Silver Wings (musikk).

Det melder Anne Lene Østvold Jordåen, rektor ved Stord kulturskule.

Drømmestipendet består av 100 stipend på 15.000 kroner kvar – til saman 1,5 millionar kroner. I løpet av mai og juni vil dei 100 som får stipend verta presentert i samband med arrangement i dei aktuelle kommunane dei høyrer til.

Les også
Torgrim (16) har korps på hjernen

Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom Drømmestipendet ønskjer dei å synleggjera kommunane sitt arbeid for born og unge, og håpet er at Drømmestipendet skal vera verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylla mange unge kulturutøvarar sine draumar.

Nominert: Magnhild Halland. Arkivfoto: Ingvild Eide
Les også
Sina Amalie (15) frå Stord er vinnar av Drømmestipendet