FESTIVALSJEF: Roald Kaldestad og Falturiltu arrangerer, tradisjonen tru, Sunnhordlandslåten saman med Sunnhordland. Foto: Geir Rommetveit

Den eine songen har eit lite forsprang. Du kan enno påverka resultatet

Fire låtar har lagt seg i tet i kåringa av Sunnhordlandslåten 2020.

I år får Sunnhordland sine lesarar vera med og påverka kva song som blir kåra til Sunnhordlandslåten 2020. Der juryen tidlegare hadde all makt, må dei no ta omsyn til lesarane sine røyster.

Då fristen gjekk ut var det komme inn 16 songar i konkurransen. Under kan du lytta gjennom alle (eller du kan gå inn på denne lenka):

Her kan du stemma på favoritten din!

I årets jury finn me artistane Harald «Milos» Eskeland, Ragnhild Kambo Grov og journalist Ingvild Siglen Berger frå Sunnhordland. Om ikkje lenge skal ein vinnar kårast. Årets premie er studiotid i ABC Studio i Etne til ein verdi av 14.000 kroner, støtta av Sparebanken Vest. I tillegg får vinnaren framføra songen sin på årets Falturiltu.

Tidlegare vinnarar

2012: Runar B. Mæland

2013: Nese Rastafari

2014: Johanne Engevik Haga

2015: Åsmund Nesse

2016: Hotel Sundal

2017: John-Inge Rolfsnes

2018: Brynjar Stautland

2019: Nils Horn

2020: ?