Lars Slettebø gjestar Ståle Eskeland i den nye episoden av "På tur i bilar med sjel".
Lars Slettebø gjestar Ståle Eskeland i den nye episoden av "På tur i bilar med sjel". Foto: ARIEL FILM

Difor dukkar denne musa opp i teikningane

Sjå den nyaste episoden av «På tur i bilar med sjel» her.

Programleiar Ståle Eskeland har fått tak i ein Ford 17M frå 1967 i den andre episoden i videoserien.

Med seg på vegen har han avisteiknar Lars Slettebø, mellom anna kjend for humorspalta «Taakeluren» i Sunnhordland kvar fredag.

Undervegs på køyreturen spør Eskeland Slettebø om kvifor ei lita mus til stadig dukkar opp i teikningane hans.

– Det var noko eg byrja med då eg følte teikningane hadde litt tynne poeng. Då tenkte eg at musa kanskje kunne hjelpa litt til. Heldigvis er den ikkje alltid med, svarer Slettebø.

I samarbeid med Ariel Film og Ståle Eskeland er Sunnhordland stolte av å presentera videoserien «På tur i bilar med sjel».

Gjekk du glipp av første episode? Her kan du bli betre kjend med revykongen Ole Bergesen frå Fitjar.