NRK P3/»CHRISTINE LIVE»
NRK P3/»CHRISTINE LIVE»

Draumeveke for Hilde Skaar

– Utruleg stort å få mogelegheita til dette, strålar Skaar.

Du har kanskje sett klippet allereie? Torsdag spelte nemleg songtalentet frå Stord, Hilde Skaar, live på P3 i radioshowet til Christine Dancke – «Christine Live».

Fredag toppa veka seg då ho fekk spela saman med TRXD på landstreffet til russen i Kongeparken.

– Utruleg stort å få mogelegheita til dette. Denne veka har vore eit minne for livet, strålar Skaar.

SJÅ KLIPPET HER!

Fekk telefon

Det heile byrja med ein telefon frå plateselskapet til Skaar, Warner Music.

Hilde Skaar saman med Lars og Benjamin i Future Duper og programleiar Christine Dancke.
Hilde Skaar saman med Lars og Benjamin i Future Duper og programleiar Christine Dancke. Foto: PRIVAT

– Dei spurte om eg hadde lyst til å komma på «Christine Live», og det hadde eg jo sjølvsagt lyst til. Heldigvis hadde eg så flaks at eg fekk tid til det også. Det er hektisk no med skuleinnspurt og så var det jo landstreffet i Kongeparken i helga, seier musikklineeleven ved Stord vgs.

Skaar covra Cezinando sin låt «Håper du har plass» saman med Future Duper, og det på stordamål.

– Det er ein utruleg fin låt. Det var ekstra kjekt at eg fekk sjansen til å syngja på stordamål – og ikkje minst litt meir nedpå og likt det eg sjølv har lyst til å laga av musikk, seier Skaar.

Får skryt

«Christine Live»-framføringa til Skaar har fått mange delingar på Facebook.

– Eg har fått veldig gode tilbakemeldingar. Ekstra kjekt er det at Cezinando sjølv har sagt at han likte versjonen, smiler Skaar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konge i Kongeparken

Veka blei toppa med det som truleg er høgdepunktet for alle russ – Landstreffet i Kongeparken utanfor Stavanger.

Der blei Hilde Skaar med TRXD opp på scenen fredag kveld.

– Eg fekk vita det ei tid i førevegen. Så utruleg mange av venene mine kom og såg på. Så hadde det spreia seg vidare, så det var folk frå heile stordrussen som var der og støtta meg. Det var god stemning og mykje folk, fortel Skaar.

– Fekk du fest litt også då?

– Joda, hehe. Men det var først etter at eg hadde vore på scenen.

– Fekk du mykje merksemd av medrussen, då?

– Hehe. Litt var det. Heldigvis var det ikkje så mange som kjende meg igjen når eg hadde russedressen på, smiler Skaar.

Flyttar til Oslo

Hilde Skaar er varsla ei lys framtid i musikkbransjen. Til hausten flyttar ho til Oslo for å satsa alt på draumen.

– Det blir veldig spennande. Eg skal jobba vidare med Warner Music og trur det blir veldig kjekt. Men eg er også realist, og har både b, c og d-planar om det ikkje skulle gå vegen. Først og fremst skal eg bli ferdig med vidaregåande, sluttar Skaar.