SPEIDAR ETTER VINNAREN: Festivalsjef Roald Kaldestad i Falturiltu ber Sunnhordland sine lesarar om hjelp til å kåra årets vinnar av Sunnhordlandslåten. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Du kan avgjera kven som har laga årets beste song

Sunnhordlandslåten skal kårast. I år kan Sunnhordland sine lesarar bli tunga på vektskåla.

Falturiltu og Sunnhordland arrangerer Sunnhordlandslåten for niande året. Då svarfristen gjekk ut i helga var 16 songar leverte. Men desse skal bli til éin. (Høyr songane og stem nede i saka)

Får spela inn musikk

I år er det to nye moment ved konkurransen. For det første får vinnaren den fine premien ved å få innspeling i ABC Studio i Etne. Verdien er på 14.000 kroner og er støtta av Sparebanken Vest. Det andre nye er at Sunnhordland sine lesarar kan stemma på sin favorittsong.

– Tidlegare har me alltid hatt ein jury som har avgjort kven som er vinnaren, men denne gongen avgjer juryen og publikum det i lag, seier festivalsjef Roald Kaldestad i Falturiltu.

Tidlegare vinnarar

2012: Runar B. Mæland

2013: Nese Rastafari

2014: Johanne Engevik Haga

2015: Åsmund Nesse

2016: Hotel Sundal

2017: John-Inge Rolfsnes

2018: Brynjar Stautland

2019: Nils Horn

2020: ?

No kan du stemma

Det du, kjære lesar, treng gjera no, er å setja deg tilbake og lytta til dei 16 lydfilene under. Når du har gjort deg opp ei meining om kva som er favoritten din, følgjer du lenka under, går inn i stemmeskjemaet og kryssar ut din favoroittsong.

I årets jury finn me artistane Harald «Milos» Eskeland, Ragnhild Kambo Grov og journalist Ingvild Siglen Berger frå Sunnhordland.

Ein tilleggspremie er at vinnaren får framføra Sunnhordlandslåten på årets Falturiltu-festival, som går av stabelen frå 31. oktober til 6. november.

Høyr gjennom songane her (eller gå inn på denne lenka):

Gå inn og stem på favoritten din her!