Sunnhordland sessions: Endre Olsen og Ragnhild Kambo Grov spelte konsert direkte frå Osvald pub fredag kveld. Foto: Vidar Hope

Endre Olsen-konserten samla inn over 40.000 kroner til Maris

Maris-leiar Kenneth Stenbråten er svært takksam. – Det var ein rørande og fin konsert, og utruleg koseleg gjort, seier han.

I tida framover vil Sunnhordland, i samarbeid med Sparebanken Vest, strøyma konsertar av lokale artistar, under namnet «Sunnhordland sessions». Først ut var artist Endre Olsen, som saman med Ragnhild Kambo Grov spelte live frå Osvald pub føre sjåarar på Sunnhordland si Facebook-side. Truleg kan så mange som fleire tusen ha fått med seg konserten som vart synt fram fredagskvelden (sjå opptak av konserten heilt nede i saka).

Olsen jobbar for tida med nytt album, som han tidlegare i år gav ein smakebit på gjennom singelen «Å komma seg fram er å gå seg blind».

Konserten hans på fredag gjekk til inntekt for lågterskeltilbodet Maris på Leirvik. Kenneth Stenbråten, leiar i Maris, er svært nøgd med resultatet frå konserten, som samla inn heile 40.800 kroner gjennom Vipps.

– Det var ein rørande og fin konsert, og utruleg koseleg gjort. Endre er ein som har stilt opp for oss og brukarane tidlegare, hatt konsertar og gjort slike ting heilt gratis. Han er ein utruleg fin type, som har ein god relasjon med brukarane, noko dei set enormt stor pris på, seier Stenbråten til Sunnhordland.

Nøgd: Maris-leiar Kenneth Stenbråten. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Til glede for brukarane

Dagsenteret er for tida stengt for å unngå smittespreiing. Brukarane som no sit heime, ynskjer Stenbråten at skal verta gleda med å få levert noko spanande på døra i tida før påske.

– Det me vil gjera umiddelbart, er å kjøpa inn noko brukarar kan ha glede av no når dei sit heime og ikkje får vera så sosiale som dei plar vera, seier Stenbråten.

Ved sida av pengane som kom inn gjennom konserten til Endre Olsen, har mange verksemder vore med og støtta Maris den siste tida. Både Kværner, Leirvik bedehus, Sparebanken Vest, Olvikfondet og Veles Body Art har komme med gjeve pengegåver dei siste månadane.

– Ein legg merke til at folk verkeleg bryr seg om og tenkjer på brukarane våre, seier Stenbråten.

Maris har stått i ein utsett posisjon i seinare tid, med saka om at føretaket skulle reduserast med 1,7 årsverk og at Helse Fonna skulle taka over medisineringa etter kommunen. Stenbråten tykkjer det har vore sterkt å sjå engasjementet frå lokalsamfunnet som har oppstått i kjølvatnet av dette.

Mange auge som såg på

Endre Olsen kommenterer korleis han opplevde konsertsituasjonen overfor Sunnhordland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var enormt spesielt i byrjinga. Eg måtte venja meg til formatet litt. Det er spesielt å spela for ein tom pub, men likevel kjenna på at ein har mange auge som ser på. Det er ikkje ofte ein balar med slikt, så det galdt å venja seg til det. Eg klarte heldigvis å senka skuldrene etter eit par låtar, seier han, og samanliknar resten av konserten som å vera på øving med Ragnhild Kambo Grov.

Først: Endre Olsen og Ragnhild Kambo Grov var først ut på Sunnhordland sessions. Framover vert fleire konsertar sendt direkte frå Osvald pub på Leirvik. Foto: Vidar Hope

Etter konserten var ferdig las han gjennom fine kommentarar frå dei som hadde sett på, noko han tykte var ekstra kjekt.

– Eg brukte resten av kvelden på å lesa ting folk hadde skrive. Det var stas, seier han.

– Hald fingrane unna Maris

Endre Olsen valde å nytta konserten til å støtta Maris, og har vore inne og spelt for brukarane tidlegare.

– Eg tenkjer politikarane kan halda fingrane langt unna det fatet der, og halda dei frie for alt som heiter budsjettkutt og slikt. Det er ei gruppe som kanskje er lett og gløyma, og som kanskje ikkje har dei sterkaste røystene inn i det politiske ordskiftet. Eg tykkjer det er viktig å løfta fram grupper som har lett for å verta gløymte, og dei treng verkeleg midlar no som det ligg an til nedskjering, seier Olsen.

Elles omtalar han den digitale konserten frå Osvald pub som ei kjempefin oppleving.

– Då me hadde spelt i halvannan time, trudde eg me nærma oss halvvegs, men då var me eigentleg komne til slutten. Det gjekk fort då me først var i gang. Eg håpar ein kan ta vare på slike strøyme-konsertar i ettertid òg. Det er eit kjekt konsept, seier Olsen.

Han gler seg til å følgja vidare med på kva Sunnhordland sessions presenterer i neste omgang.

Sjå opptak frå konserten her: