Det er tid for konsert nummer to i det digitale konsertkonseptet Sunnhordland Sessions. Søndag kveld står Goldlog på scenen på Osvald pub. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Få med deg Sunnhordland Sessions i kveld!

Søndag kveld kan du sjå konsert med Goldlog live på Facebook og Sunnhordland.no.

Førre helg var det konsert med Endre Olsen som blei strøyma live på Facebook. I kveld klokka 20.00 er det konsert med Goldlog som står for tur. Kjernen i gruppa består av ekteparet Ingjerd Kannelønning Kolstad (vokal) og Ian Kolstad (gitar).

– Det blir Goldlog i duoformat. Det blir stemma mi og Ian sine gitarar og alle hans «duppedittar» for å fylla ut lydbiletet. I tillegg til klokkespelet mitt, seier Ingjerd.

Konserten vert spelt inn i trygge rammer på Osvald pub, som for tida er stengt grunna koronakrisa. I løpet av speletida vil publikum få høyra eit utval låtar frå alle deira fem plater.

Les også
Endre Olsen-konserten samla inn over 40.000 kroner til Maris
Les også
Sjå Endre Olsen-konserten her