Stordpodden: Hilde Skaar er gjest i studio denne veka. Foto: Kjetil Fyllingen

Får besøk av Stord si eiga popstjerne

Hilde Skaar (21) er gjest i denne vekas episode av Stordpodden.

I episoden får du høyra om korleis 21-åringen starta på vegen mot popstjernelivet, og om korleis tida med ME og naturen på Stord har påverka musikken hennar.

Du får også svar på store spørsmål, som kven Hilde ville tatt med på ei reise til Mars. Spørsmåla har programleiar Kjetil Fyllingen fått inn via sosiale medium.

Høyr episoden her:

Du kan også finna Stordpodden der du elles høyrer på podkast, som til dømes i Apple Podcasts eller Spotify.

Fekk du med deg ekstraepisoden om koronakrisa og korleis den påverkar lokalt? Høyr den her!

Samleside for «Stordpodden».