Stordpodden: Vekas gjest i Stordpodden er Ingvild Hjellestad Johannesen. Foto: Kjetil Fyllingen

Fersk medaljevinnar i Stordpodden

På laurdag fekk ho Kongens fortenestemedalje. Høyr Ingvild Hjellestad Johannesen fortelja om opplevinga, korleis ho hamna på Stord og om det brennande engasjementet for teaterlaget.

– Det var litt nifst eigentleg. Eg kunne ikkje begripa at det var sant, at eg skulle få den. Eg hadde aldri i mitt liv tenkt at eg kunne få noko sånt, for det var så fjernt og så høgt oppe. Men då eg skjønte dette, då ordføraren stod og las opp, blei eg heilt kald og varm om ein annan. Eg følte det nesten som om eg skulle detta i bakken, seier Johannesen i den nyaste episoden av Stordpodden.

Les også
Kongens fortenestemedalje kom som ei overrasking etter vel gjennomført premiere

Til programleiar Kjetil Fyllingen fortel ho at det tok fram til neste dag før ho «landa på jorda igjen».

– Eg var heilt i himmelen, det var heilt utruleg!

Johannesen har bak seg 41 år med Stord Teaterlag.

– Kva er det som gjer at du står på år etter år? spør programleiaren.

– Det er sjølvsagt fordi eg er interessert i det. Eg likar det veldig godt, og synest det er fantastisk inspirerande å sjå ungane, seier Johannesen.

Du kan bli betre kjend med ho i episoden her:

Og i Spotify her:

I tillegg finn du Stordpodden i Apple Podcasts her, og elles ei oversikt over andre avspelingsmogelegheiter her.

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

Artikkelen held fram under annonsen.

Jan Roar Hovland gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Magdalena From Delis om dansen og oppveksten

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Redaktør Magne Kydland om podkast-satsinga

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fortent heider og skryt