annonse

Fest i vest byr på godbit

GLER SEG
GLER SEG: Åge Stokken (f.v.), Britt Heidi Olsen Værøy og Anders Fosse i Fest i vest gler seg til festivalsommaren. Her frå i fjor. (Foto: HERBORG SØRLI)
Til Sagvåg
Til Sagvåg: Raga Rockers skal tilføra rock på Fest i vest i sommar. (Foto: Paal Audestad)

Raga Rockers kjem til Sagvåg i sommar.

Henrik Mundal Andreassen

Rockebandet Raga Rockers legg ut på turné i 2019 og blant stoppestadane er festivalen Fest i vest i Sagvåg.

– At me får besøk av eitt av dei fire store viser at me klarar å få på plass artistgrupper av ein storleik som me berre kunne drøyma om. Dette blir ei fantastisk oppleving for alle publikummarar i Sagvåg under årets festival, seier festivalleiar Britt Heidi Værøy i ei pressemelding.

Les også: Hilde Skaar spelar på Fest i vest

Raga Rockers har gjeve ut 12 studioalbum og vart elles innlemma i Rockheim Wall of Fame i 2017.

Til Sagvåg
Til Sagvåg: Raga Rockers skal tilføra rock på Fest i vest i sommar. Foto: Paal Audestad

– Å få mogelegheita til å stå i Sagvåg å syngja med på songar som «Hun er fri» og «Noen å hate» blir fantastisk! Raga Rockers er verkeleg i toppen i Norge, noko to fullsette hus på Rockefeller i januar bekreftar, seier dagleg leiar Anders Fosse i Fest i vest.

Andre artistar som kjem under årets festival er Skaar, Storm Weather Shanty Choir, Bjørn Eidsvåg og Kriminell kunst. Fest i vest er frå 28.- til 30. juni.

Sunnhordland på leiarplass: Heia Sagvåg!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut