Åge Stokken (f.v.), Britt Heidi Olsen Værøy og Anders Fosse i Fest i vest gler seg til festivalsommaren. Her frå i fjor.
Åge Stokken (f.v.), Britt Heidi Olsen Værøy og Anders Fosse i Fest i vest gler seg til festivalsommaren. Her frå i fjor. Foto: HERBORG SØRLI

Fest i vest byr på godbit

Raga Rockers kjem til Sagvåg i sommar.

Rockebandet Raga Rockers legg ut på turné i 2019 og blant stoppestadane er festivalen Fest i vest i Sagvåg.

– At me får besøk av eitt av dei fire store viser at me klarar å få på plass artistgrupper av ein storleik som me berre kunne drøyma om. Dette blir ei fantastisk oppleving for alle publikummarar i Sagvåg under årets festival, seier festivalleiar Britt Heidi Værøy i ei pressemelding.

Les også:Hilde Skaar spelar på Fest i vest

Raga Rockers har gjeve ut 12 studioalbum og vart elles innlemma i Rockheim Wall of Fame i 2017.

– Å få mogelegheita til å stå i Sagvåg å syngja med på songar som «Hun er fri» og «Noen å hate» blir fantastisk! Raga Rockers er verkeleg i toppen i Norge, noko to fullsette hus på Rockefeller i januar bekreftar, seier dagleg leiar Anders Fosse i Fest i vest.

Raga Rockers skal tilføra rock på Fest i vest i sommar.
Raga Rockers skal tilføra rock på Fest i vest i sommar. Foto: Paal Audestad

Andre artistar som kjem under årets festival er Skaar, Storm Weather Shanty Choir, Bjørn Eidsvåg og Kriminell kunst. Fest i vest er frå 28.- til 30. juni.

Sunnhordland på leiarplass:Heia Sagvåg!