Filmskapar får Tora Mostrastong-prisen

Tora Mostrastongprisen skal i år tildelast filmskaparen Margreth Olin Mykløen. Det har styret for Foreininga Tora Mostrastong vedteke. Prisen skal delast ut på det årlege «Toratreffet» laurdag 6. november.

FÅR PRIS: Margreth Olin Mykløen, også kjent som Margreth Olin. Pressefoto

Kriteria for tildelinga av prisen er i vedtektene for Foreininga Tora Mostrastong formulerte slik: «Tora Mostrastongprisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats - lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse».

– Margreth Olin Mykløen har, etter styret si oppfatning, gjennom sitt mangeårige arbeid synt alle desse eigenskapane og at dei på mange måtar kan summera opp hennar arbeid til no, skriv styret i ei pressemelding.